Vekesamling på ein torsdag
Sidan det er fri på fredag, tok me vekesamlinga i dag. Det var 6.klasse sin tur til å ha kulturinnslag. Det har jobba med «Oppdrag oslo», og viste oss flotte kopiar av bygg som finst i Oslo. Desse hadde dei laga i Minecraft, og det var imponerande kor bra dei hadde fått det til. Tommelopp for dei! To kjekke 2.klassingar presenterte ei bok dei likte, på ein veldig bra måte. Tommelopp for dei og! Ellers lærte me oss eit nytt teikn, og me gjekk gjennom terningkast for vekeoppdraget, som var å gå fint og rolig frå A til B. Jevnt gode terningkast, men me har nok enno godt av å øva ei veke til på dette. God langhelg til alle!







