Vekesamling
Me hadde mykje på programmet i vekesamlinga i dag, men elevane var veldig flinke å halda roen. Me fekk flott pianospeling frå 3.klasse, to 7.klassingar snakka om kva dei hadde gjort på talentsenter for realfag, me hadde allsong, bokpresentasjon og gjekk gjennom ryddeoppdraget me hadde hatt denne og neste veke.
Tekst og bilde: Egil Petterteig






