Vekesamling
I dag tidleg var det tid for vekesamling igjen. Det var mykje på programmet. 7. klasse stod for kulturinnslaget med eit flott start med Beatles, Milo i 4.klasse gav oss ein flott presentasjon av ein bokserie som han hadde studert godt, og visste alt om. Det vart også tid til å ta farvel med studentane våre, Ida, Oda Marie og Sandra. Vekeoppdraget om godt arbeid i «øvetid», «leksetid», «arbeidstid» held fram også den siste veka før vinterferien. Rektor lova også snø i løpet av dagen…..men det klarte eg ikkje å fiksa ❄️☃️











