Uteskule
Me i 1. klasse har uteskule kvar onsdag og elevane leiker så kjekt saman i skogen. I dag dukka plutseleg klartemus opp med ei bok då me skulle til å ete. Då vart det lesestund i «Klatremus og dei andre dyrene i Hakkebakkeskogen» medan elevane åt nista si. Etter mat hadde me eit spikkekurs der me snakka om tips og reglar når ein bruker kniv, elevane synest det var stor stas å få bruke både kniv og sag. Me hadde òg med oss kritt som me nytta til å lage både lesesti og å pynte både veien, steinar og tre. Nok ein vellykka turdag i 1. klasse.
Tekst & foto: Malin Hellesund Jensen