Undervisning om kost, aktivitet og søvn 🍎🏃♀️😴
3. trinn hadde undervisning om kost, aktivitet og søvn med helsesjukepleiarstudent Kristine Lygre. Me fekk læra om kostsirkelen, merking av matvarer med nøkkelhol og kornskala, og å ta gode valg for at me skal ha det bra og ha god helse. Det er nytt at snop og søtsaker er kommen med på kostsirkelen, og klassen var enige om at det skal me eta på lørdagar. Det er anbefalt at barn på 8 år skal legge seg rundt kl 20, og treng 11-12 timar søvn kvar natt. Etterpå laga elevane eigne kostsirklar der dei klipte og limte på ulike matvarer, og jobba veldig bra resten av økta!
Tekst & foto: Ingrid Digernes
Helsesjukepleiar, Førebyggjande tenester