Tur til NUS
Tysdag gjekk 3. klasse sin tur til ungdomsskulen, der me besøkte biblioteket. Me fekk høyra ei kjekk historie om ormen Gorm før me fekk sjå i og låne bøker. Tusen takk til Camilla for ei kjekk stund!
Etterpå hadde me matpause og leik ute og til slutt gjekk me inn i buldreveggen, der elevane fekk prøve seg på klatring.
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg