Skulen vår!

Tur med 1. klasse

I dag har 1. klasse vore på tur til Sagvåg barnehage avd. Nysæter.
Ein av dei to elevane som gjekk her i fjor, fekk visa oss det flotte uteområdet til barnehagen. Elevane kosa seg i sola og leika kjekt med kvarandre. Nokre fekk i tillegg nye vener i barnehagen 😊. På veg heim stoppa me på NUS og fekk både spelt fotball og leika endå meir. Dei er flinke til å gå, og det har vore god stemning i gjengen.

Tekst & foto: Ingvild Fjell

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *