TL-avslutning
Trivselsleiarane på skulen har gjort ein flott jobb i heile haust med å arrangert leikar og skapa trivsel i friminutta. I dag var det tid for avslutning, sjølv om dei skal vera «på jobb» ei veke til. Me fekk lov å koma i Buldreveggen på Nysæter. Kjekk utflukt i eit heise snøvér. Del to av avslutninga var meir stillesittende, med film og Grandis på skulen. Onsdag 31.januar er det nytt TL-kurs, for nye Trivselsleiarar, så me håpar me finn ein like motivert gjeng til det!
Tekst & foto: Egil Petterteig