sag19Skulen vår!

Til Fletaneste ☀️

Me måtte ut i sola og hadde uteskule på Fletaneset. Me lærar om kunst i buddhismen og prøvde oss i dag som japanske zen-buddhistar. Me nytta ein teknikk kor kunstnaren aller først mediterar, så fokuserar han alt han kan på eit motiv. Så teiknar kunstnaren raskt ned motivet sitt utan å sjå på det. På denne måten kjem motivet sin sanne natur fram. Det var deilig å være heilt zen med naturen på ein dag som denne. I tillegg har med om «world records» i engelsk, og prøvde oss litt på nokre rare verdsrekordar.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig.