Skulen vår!

Til Breivikjo

På fredag var 3. klasse ute og utforska nye områder. Me kjørte heilt til Rommetveit der me gjekk tur til Breivikjo og kosa oss i skulehagen. Me fann eit stort tre som dei hadde skore ned – det måtte 5 3.klassingar til for å halde rundt stubben som sto igjen. Me klatra i trær, leika bom 30 og fiska både krabbe og fisk. Me vassa og fann skjell.
Læraren måtte bada fleire gonger for å redda fiskeutstyr som for til sjøs. Me fekk til og med is hos ein kjekk pappa !!
Me hadde ein fantastisk fin tur saman, og det vart ein veldig fin avslutning på veka vår.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas