SU & SMU 2025/26
Referatmøte i SU & SMU 2. juni 2026 kl 19.00-20.00
Desse møtte:
Frå FAU: Elin Melkevik Dahle, Hanne M. Haugland, Katinca Valvatne, Maren Stensletten, Kristine S. Barane, Reidun Leknesund, Charlotte Finstad Asserson
Rep. Pedagogisk Pers: Jenny Sætre Skjønberg, Anne Brit Holm
Rep. Andre tilsette: Hege Larsen Vågen
Referat, rektor: Lars Bakka
SU sak 1:
Gjennomgang av saker frå FAU
FAU diskuterte om dagens skulekretsar bør vurderast på nytt i lys av utviklinga i elevtalet. Det finst område som naturleg er knytte til Sagvåg, og der avstanden til Sagvåg skule er kortare enn til Tjødnalio. Nysæterhaugen og tidlegare Litlabø skulekrets vart trekt fram som døme. FAU stilte spørsmål ved om dagens grenser gir den mest naturlege og framtidsretta fordelinga av elevane, særleg i lys av at det vert færre elevar Sagvåg skule. Ei justering av skulekretsane kan både styrkje nærskuleprinsippet og bidra til eit meir stabilt elevgrunnlag ved begge skulane i bygda.
Det vart vidare stilt spørsmål ved om skulegrensene, som vart fastsette under andre føresetnader enn i dag, framleis er dei mest tenlege for lokalsamfunnet.
Uttale frå Samarbeidsutvalet: SU støtter innspelet frå FAU
Samarbeidsutvalet vart også orientert om dei fire andre sakene frå FAU og hadde igjen kommentar til desse sakene.
SU sak 2 Elevtalutvikling.
Rektor informerte om nedgang i elevtal. Prognosen viser at me frå skuleåret 2026/27 til 2030/31 går frå 139 elevar til 99
SU sak 3 Økonomi
Sagvåg skule har eit overforbruk våren 2026. Me tek sikte på at tiltaka som er innført med nedbemanning vil bringe oss i økonomisk balanse for hausten 2026. Det vert kun eit minstekrav til symjeundervisning neste år. Servering av havregraut på mellomsteget vert avvikla og kommunen har sagt opp Trivselsleiarprogrammet (TL) av økonomiske grunnar.
SMU sak 1 Spekter elevundersøking
Rektor orienterte om bruken av Spekter elevundersøkinga. Denne er i bruk av alle klassane fleire gonger i året. 1. klassingane gjennomfører ikkje denne.
SMU sak 2 Skulemiljø generelt
Rektor opplyste om at klassemiljøet varierer frå klasse til klasse. Enkeltelevar gjer det ekstra utfordrande for enkelte klassar. Foreldra kan vera trygge på at skulen arbeider med desse sakene både internt og i samarbeid med andre instansar som PPT og BUP. Helsesjukepleiar er også ein sentral aktør internt på skulen. Skulen har også ressursteam som har faste møte og gjev råd til lærarane i vanskelege saker.
Referatmøte i SU & SMU 30. september 2025 kl 19.00-20.00
SU-saker:
Innleiing:
Mathea og Tomas orienterte foreldra om arbeidet Elevrådet ved Sagvåg skule gjer.

Sak 1
Konstituering og val:
| 2025/26 | |
| Leiar (2 år) | Elin Melkevik Dahle |
| Nestleiar (1 år) | Line Bjordal Lyrén |
| Skrivar (rektor) | Lars Bakka Egil Petterteig, vara |
| Rep. ped.pers | Jenny Sætre Skjønberg Lene T Almås |
| Rep. ped.pers | Anne Brit Holm Kari Myre |
| Rep. andre tilsette. | Valita Øksnes Ny ,vara |
| Rep. LEV (4 år) | Constance Leth Iversen (A) (Vara) Anne Kristin Aaseth (H) |
| SFO | Line Bjordal Lyrén Vara: Lene Skutle Leth, vara |
| 1. klasse | Kristine B.Barane (FAU, SMU og SU) – Mob: 97975776 2.Wenche Midttun, Vara – Mob: 40092711 |
| 2. klasse | Maren Stensletten (FAU, SMU og SU) – Mob: 46621160 Anne Ottesen -Mob: 45425961 vara |
| 3. klasse | Reidun Leknesund (FAU, SMU og SU) – Mob: 92605508 Line Bjordal Lyrén , Vara -Mob. 97173320 |
| 4. klasse | Elin Melkevik Dahle (FAU, SMU og SU) Mob:92084683 Ingjerd Lorentsen , Vara -Mob:45059313 |
| 5. klasse | Hanne M Haugland (FAU, SMU og SU) Mob:90270899 Marianne Lupus, varaMob:95940218 |
| 6. klasse | Anita Litlehamar, (FAU, SMU og SU) Charlotte Finstad Asserson, vara |
| 7. klasse | Katinca Beate Haavardstun Valvatne (FAU, SMU og SU) Mob: 46185595 Hanne Almås vara Mob: 97583325 (vara) |
| Elevrådet | Mathea Lups Tomas Risnes |
Sak 3
Er det saker frå FAU som SU ynskjer å komma med innspel til ?
SU hadde ingen kommentarer.
Sak 4
Kort om rekneskap 2025 og budsjett 2026
– Det vart m.a. vist til budsjettkonferansen som var i dag. Det går det fram at skulane skal redusere drifta med 20 millionar m.a. som fylgja av synkande elevtal. Rekneskapen sålangt viser at me ved Sagvåg skule har utfordringar knytt til å halde oss heilt innafor lønsbudsjette, sjølv om me har gjort store kutt det to siste åra.
Sak 5
Ymse: Ingen saker
SMU-saker:
Sak 1
- Heile dette skuleåret har me ekstra fokus på læringsmiljøet. Me nyttar vekesamlingane med temafokus i form av «vekeoppdrag» og me jobbar systematisk med elevsamtalar.
- Orientering om foreldre- og elevundersøkinga hausten 2026: Det er elevane i 7. klasse og foreldra i 7. klasse. Undersøkinga vert gjennomført i midten av november.
- Sagvåg skule gjennomfører også Spekterundersøkingane. Dette er undersøking som kartlegg det sosiale miljøet i klassen. Den eine er anonym, den andre er med namn
Ymse
- Frå i fjor!: Foreldra etterlyste Elevrådsrepresentant.: Rektor lova at dei skulle bli kalla inn til neste møte.
I dette møtet innleia Tomas og Mathea frå elevrået og fortalde om arbeidet deira.
ref. Lars Bakka
