SU & SMU 2023/24
SU (SamarbeidsUtvalet) & SMU (SkuleMiljøUtvalet)
Møte i SU 5. mars 2024 kl 19.00-20.00
Sak 1 Orientering frå FAU>> om 17. mai-arrangemanget 2024.
Sak 2 Nytt om skulestrukturdebatten og Skulebruksplanen:
SU fekk ei orientering frå Anne Kristin Aaseth (H) som er politisk representant i SU ved Sagvåg skule denne perioden. SU stiller seg bak uttalen frå FAU i denne saka. Anne Kristin var som politisk representant av naturlege grunner ikkje med på dette vedtaket.
Vedtak frå FAU: Vi oppmodar kommunen om å ikkje ta forhasta avgjerdar og oppmodar dei til å tenkje langsiktig og på konsekvensane det har for dei barna som må flytte. Dette er ein trist situasjon, og dersom det blir nedlegging vil vi ved Sagvåg skule sjølvsagt ta imot barna frå Litlabø skule med opne armar.
Sak 3. Resultat frå Elevundersøkinga (SMU)
Undresøkinga vart gjennomført i 5. -6.- og 7. klasse. Resultata viser at Sagvåg skule har relativt høgs mobbetallene i 6. og 7. klasse. Det vert utover våren arbeidd vidre med denne problemstillinga. Skule rek m.a. i bruk analyseverktyet «Spekter«.
Sak 4. Ymse
Møtet vart avslutta med ein deling av erfaring av aukande uro knytt til auka skjermbruk i heimen. Ved Sagvåg skule gjer elevane leksene på skulen og har difor i lita grad skulemakinane med heim.
Møte i SU 8. november 2023 kl 19.00-19.30
Sak 1
Konstituering og val:
SU & SMU 2023/2024 | |
Leiar (2 år) | Anne Grete Vassnes |
Nestleiar (1 år) | Bjørn Inge Hermansen |
Skrivar (rektor) | Lars Bakka Egil Petterteig, vara |
Rep. ped.pers | Anne Sissel Mugaas Laila Gjøsæter, vara |
Rep. ped.pers | Ingeborg Toft Nerland Marianne Sjursen, vara |
Rep. andre tilsette. (2 år) | Beate Føyen Valita Øksnes, vara |
Rep. LEV (4 år) | Anne Kristin Aaseth (H) mob 416 81 108 (var ikkje klar til møtet 8/11 2023) Constance Leth Iversen (A) mob 920 39 808 |
1. klasse | 1.Tabita Scholz Risnes Vara: Reidun Leknessund |
2. klasse | 1. Maria Macsik Titland (Kunne ikkje møte og ingen vara var å oppdrive på kort varsel) Vara: Marianne Leth Lups |
3. klasse | 1.Mari Nerhus(FAU, SMU og SU) Vara. Ørjan Turøy |
4. klasse | 1. John Bathgate 2. Cathrine Folgerø , vara |
5. klasse | 1.Kjersti / Tor Helge Valvatne Vara: Ingunn T Johanesen |
6. klasse | 1. Anne-Grethe Vassnes Vara: Crystal Christofferson |
7. klasse | 1. Bjørn Inge Hermansen Vara: Marianne Luos |
Elevrådet | Ny |
Sak 3
Er det saker frå FAU som SU ynskjer å komma med innspel til ?
- SU stiller seg bak innspela frå FAU
Møte i SMU 8. november 2023 kl 19.30-20.00
Sak 1
Orientering om foreldre- og elevundersøkinga hausten 2023: Det vert eit nytt oppset for administrasjon av undersøkinga denne hausten. Det er framleis litt usikkert for rektor om undersøkinga vil sjå annleis ut for dei son skal svara. Det er elevane in5.-6. og 7. klasse og foreldra i 7. klasse. Undersøkinga vert gjennomført i midten av november.
Sak 2
Ymse
- Foreldra ynskja informasjon om vårt arbeid med trygt skulemiljø: Rektor orienterte om vårt arbeid.
- foreldra etterlyste Elevrådsrepresentant.: Rektor lova at dei skulle bli kalla inn til neste møte.
ref. Lars Bakka