SU & SMU

Referat møte i SU (Samarbeidsutvalet) og SMU (Skulemiljløutvalet)


22.11. 2022 kl 19.00 – 20.00
Desse møtte:
Representanar foreldrere:
Maria Macsik Titland (1. klasse), Susanne Aarskog (2. klasse), John Bathgate (3. klasse),
Ingen møtte (4. klasse) Anne-Grethe Vassnes (5. klasse), Heidi Scholz -vara (6. klasse),
og Tom Martin Hahtokari
Representantar Lærarar: Lene T Almås , (Ingelin Petterteig møtte ikkje)
Andre tilsette: Beate M Føyen (Vara for Alilinn Spissøy)
Politisk representant: Silje Vatna
Skrivar: Lars Bakka

Saker:

Sak 1
Val
Leiar SU: Tom Martin Hahtokari
Nestleiar SU: Susanne Aarskog

Sak 2
Skuleruta 2023/24
SU vart støttar vedtaket i FAU

Sak 3
Leksebevisst skule:
Rektor orienterte om at me hadde svært høg svarprosent, 98%, på foreldreundersøkinga
om leksebevisst skule. Eit overveldande fleirtal på 96% av dei som svarte meiner at
denne ordninga bør halde fram ved skulen vår.

Sak 4
Rektor orienterte om rekneskapen 2022 og budsjett 2023
Rekneskap 2022: Sagvåg skule gjekk med mindreforbruk våren 2022. Dette hadde
naturleg forklaring. Me har eit meirforbruk hausten 2022, men håper at dette ikkje
overskrid mindreforbruket i vår. Då bør me gå i ballanse dette rekneskapsåret.
Budsjett 2023: Dei siste opplysningane frå budsjettarbeidet tyder på at m.a.
elevressursen vert prisjustert. Dette er positivt for økonomien i Stordskulen.

Sak 5 (SMU-sak)
Rektor orienterte om organiseringa av skuledagen, spesielt med fokus på matpausen til
elevane. Dette er ein viktig sosial arena. Foreldra er nok de med at pausetida ikkje vert nytta til å sjå på TV. Rektor informerte om at fredagen var eit unnatak der elevane fekk
sjå ein liten film i matpausen.

Sagvåg skule 22. november 2022
Skrivar: Lars Bakka