Spikking og zipline i 7. klasse
I dag har 7. klasse vore på spikketur i skogen. Planen var å prøve å lage seljefløyter, men det var ikkje godt å få av barken på selja endå. Me må gjere eit nytt forsøk om eit par veker. Likevel vart det ein kjekk tur. Me laga gapahuk og spikka figurar. Ein gøyal zipline fant me også.
Tekst & foto: Erlend Thoresen