SMARTare teknologi
I dag har heile mellomsteget jobba med idear til nyskapande teknologi. I år skal elevane tenka nye og kreative idear om korleis lakseoppdrett kan bli meir bærekraftig. Flinke, positive og kreative elevar kom godt i gang med arbeidet i dag. På torsdag skal me fortsetja arbeidet og på fredag vert det framføring og kåring av den beste teknologiske ideen.
Tekst & foto: Anne Brit Holm