Siddhartha Gautamađ§đȘ·
I dag har me lĂŠrt om Siddhartha Gautama i KRLE. Han var grunnleggaren av buddhismen og fekk tittelen Buddha, som betyr «den oppvakna», fordi han ifĂžlgje buddhismen pĂ„ eit tidspunkt sĂ„g korleis alt hang saman. Han sat under eit tre og mediterte i 7 dagar og oppdaga dĂ„ ein metode for Ă„ kunna gjera slutt pĂ„ vonde ting han hadde sett i verda, som t.d. sjukdom, fattigdom og vald. Me testa ut korleis det er Ă„ sitja under eit tre og filosofera over eit etisk spĂžrsmĂ„l i, ikkje 7 dagar, men 7 minuttđ§
Tekst & foto: Hildegunn SĂŠbĂž Heimro