Sagvåg skule frå A til Å (side)
Andre nyttige sider for deg som er ny ved Sagvåg skule (Versjon .02.2024 kl 13.06)
Generell beredskapsplan for Sagvåg skule
A | |
adresse | Her finn du oversikt over alle tilsette Kontakt oss – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
aksjonsdag | Sagvåg skule har open dag med aksjonsdag i november kvart år. Me samlar inn pengar til Redd Barna. Open dag – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
aktivitetsdag | Me har aktivitetsdag kvar haust med leikar og friidrett |
aktivitetsleiar | Elevar i 5.-7.klasse er aktivitetsleiarar No heiter dette Trivselsleiarar (TL) TL – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
amfiet | Elevane kan nytta amfiet til å lese eller samarbeide om det er greitt for læraren. Ein skal ikkje bruke sjølve amfiet til trapp. Kvar veke er det veksesamling i amfiet. Putene til venstre i amgiet ligg i regnbogefargar, ti i høgda. |
arkiv | Ass rektor har det daglege arkivansvaret ved Sagvåg skule. Rektor har det overordna ansvaret. |
B | |
ballbingen | Det er ikkje laga eigne reglar for bruk av ballbingen. Klassane brukar han etter oppsett plan. Til vanleg er det berre dei elevane som går i klassen som har banen som får vere med. Det ligg basketball og fotball i bingen. |
banning | Fokus på språkbruk bør vera eit kontinuerleg arbeid. Banning vert sjølvsagt ikkje akseptert. Sjå språkbruk. |
barnehage-skule | Her finn du planen for arbeidet med god overgang mellom barnehage og skule Nokre døme på samarbeid: Søkeresultater for «barnehage» – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
bibliotekbruk | Når klassar har sett seg opp på biblioteket på rombruksplanen så bør dei få ha biblioteket for seg sjølv. Det bør t.d. grupper av elevar frå andre klassar ta omsyn til. |
biblioteket | Biblioteket bør vera ein stille sone. Tre elevar er tilsette som bibliotekarar. Dei registrerer nye bøker og set på plass innleverte bøker. Lærarane administrerer sjølve utlån. Alle tilsette får brukarnamn og passord til Mikromarc. Dette er utlånssystemet for biblioteket. Alle elevane har fått lånekort. |
bilane | Trøbilane er det berre elevane i 1.-4.klasse som får bruka. Dei skal berre nyttast på plassen på oppsida av skulen. (Ved pyramiden) |
blyant | Sagvåg skule nyttar vanleg gul HB skuleblyant. Me prøver å unngå bruk og kast |
bordtennis | Sagvåg skule har tre bordtennis bord ute. Her skal det alltid ligga køller og ballar. |
brann | Dette er ein viktig plan som m.a. viser kva me skal gjere når brannalarmen går ved Sagvåg skule Søkeresultater for «brann» – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
brus | Elevane får til vanleg ikkje drikke brus på skulen. |
bussvakt | Me har iiikje bussvakt, men enkeltelevar får fylgje heim etter oppsett vaktliste |
bygget | Skulehuset stod klart i januar 2006 og er eit fleksibelt skulebygg. |
byteklede | Elevane i 1.-4.klasse bør ha med byteklede. (Pose i hylla i garderoben.) Elevane på mellomsteget kan nytta gymklede som dei har i garderobeskåpet. |
C | |
D | |
datamaskinar | Sagvåg skule nyttar i hovudsak elevmaskinane på skulen. Elevane tek til vanleg ikkje desse med heim. |
dataspel på skulen | Elevane får ikkje nytta dataspel på skulen somikkje ligg i «Firmaportalen». |
disiplin | Godt læringsmiljø er avgjerande for god læring. Drøfting av krav til disiplin og orden er ein naturleg del av skuleutviklinga. |
drikkereglar | Elevane kan nytte sine eigne flasker med vatn i timane. |
dusjing | Alle elevane som har symjeundervisning dusjar før og etter. Elevane i 1-3. klasse byter til gymklede. 4-7. klasse skal dusje. Dei som har gløymt gymklede skal likevel vere med. Elevar skal levere melding dersom dei ikkje skal ha gym. Det bør vera gode rutinar knytt til tilsyn også i garderobane. |
E | |
elevråd | Elevrådet har møte kvar månad og har eiga nettside med alle referat Søkeresultater for «elevråd» – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
elevundersøkingane | Elevundersøkingane er ei årleg undersøking om læring og trivsel for elevane i 5.-6.-7.kl ’elevundersøkingane’ |
engelsk | Alle fagressursar for elevane er samla her: Fagsider for elevane – Sagvåg skule (sagvagskule.no) |
F | |
fagsider | Lenker til ulike digitale fagressursar er samla her: https://www.sagvagskule.no/fagsider |
fakta om skulen | |
fau | Foreldra sitt arbeidsmiljøutval har eiga nettsideºfau.htm Sjå også eigen faldar |
film | Alle filmane som er laga på skulen er samla under Sagvåg skule TV (STV) ºstv.htm Petarteigen er ein god stad å sjå film. Det står ein del filmtitlar i Stokksundet. |
fjelltur | Elevane ved Sagvåg skule er ofte på turºtur.htm |
fjellveggen | Rundt skulen er det mange flotte fjellveggar og klatreveggar. Det bør lagast retningsliner for bruken av desse, og kor elevane ikkje bør klatre. (Dette er endå ikkje gjort.) |
for seint inne etter friminutt | Kvar klasse bør ha fokus på at elevane kjem raskt inn etter pausetida. |
foreldrebetaling | Me har ei eiga nettside som seier ein god del om dette spørsmålet º foreldrebetaling.htm |
forfattarbesøk | Sagvåg skule har hatt mange forfattarbesøk dei siste åra. Dette er ein del av den Kulturelle skulesekken’ ºforfattar.htm |
fotballdag | Kvar vår har me fotballdag med skulane Tjødnalio og Litlabø ºfotballdag.htm |
friluftsdagar | I mai/juni har me tre friluftsdagar med ulike aktivitetar som sykkeltur, kanopadling og fjelltur. ºfriluftsdagar.htm |
fronter | Vår digitale læringsplattform heiter Fronter. Denne vert nytta av alle klassane. Me brukar personleg brukarnamn og passord. (Ikkje felles for klassen) Pålogging her ºhttp://fronter.com/sunnhordlandgs/ |
frukt | Elevane kan tinga skulefrukt. For elevane i 1.-4.klasse vert frukta delt opp. 1.-4.klasse serverer frukt i første friminutt. Det er leiar i SFO som administrerer fruktordninga. |
fråvære | Foreldra skal melde frå med tekstmelding til kontaktlæraren om fråvære før skulen tek til den aktuelle dagen. Kontaktlærarane fører fråvære i Fronter. |
fysisk aktivitet | Det er assistentane som har ansvaret for opplegget ’fysisk aktivitet kvar dag’. Hos oss er dette tur kl. 9.30-10 tysdagar og torsdagar. |
førstehjelpsutstyr | Det heng førstehjelpsvesker i gymsal, kjøken og sløyd. På pauserommet er hovudlageret av førstehjelpsutstyr. |
G | |
garderobe | Skulen har garderobeanlegg knytt til gymsalen og undervisningsareala. Behovet for reglar for orden o.a. her kan vurderast! |
garderobeskap | Elevane i 5.-6. og 7.klasse får tilbod om garderobeskap i gym-garderobane. Det er teamleiar på mellomsteget som administrerer denne ordninga. Elevar som rotar bort nøkkelen må betale kr 40 for å få kjøpt ny. Nøkkelen skal oppbevarast på skulen. |
gitarar | Skulen har halvt klassesett av gitarar og det vert drive systematisk gitarundervisning med fokus på sjølvstudium og tid til øving på mellomsteget. |
gløyming | Gløyming har med orden å gjera. Me noterer oss kven som ikkje leverer leksene i rett tid. |
google-kalenderen | På nettsida vår finn du fleire kalendrar. Ei av desse har full oversikt over alle hendingar, dag for dag. |
gradskive | Skulen har klassesett av desse |
gymklede | Alle som har gym bør ha gymklede, også læraren. |
gymsal tau | Det skal ikkje vera knutar på taua i gymsalen! |
Gåvekasse | |
H | |
halvårsplan | Kvar klasse har ein kortfatta halvårsplan som gjev ei oversikt over kva fagemne og tema det vert arbeidd med gjennom året. ºplan_halvaar.htm |
heim & skule | Samarbeid heim/skule var eit satsingsområde i Stord kommune på 90-talet. Dette er implementert i verksemda vår. Planen finn du her ºheim_og_skule.htm |
helsesøster | Både Ingrid Digernes og Bente Sirnes har i den siste tida vore helsesøster på Sagvåg skule. Ein av desse er å treffe på torsdagar på tlf. 53409719 Sjå også: ºskulehelsetenesta.htm |
henting av born på SFO | Det er laga eige rutinehefte for SFO om dette |
henting av fotball | Klassane har kvar sin ball. Det er ein elev frå kvar klasse som har ansvar for å hente ballen og legge han tilbake etter friminuttet. Vert ballen øydelagt så kan han pantast hos rektor. |
historie | Vil du lese skulehistoria vår så kan du sjå innom denne nettsida: ºhistorie.htm |
hittegods | Når me finn klokker eller smykke så vert dei lagt i pokalskapet i biblioteket. Gløymde klede vert samla i posar og til slutt lagt fram på sommarfesten. I blant tek me bilete av hittegodset, det finn de her:º hittegods.htm |
hmt | Helse, miljø og tryggleik vert det arbeidd kontinuerleg med. I februar/mars er det årleg vernerunde ºhmt.htm |
hsh | Sagvåg skule har dei siste åra hatt eit tett samarbeid med Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). Me har studentar i praksis og prosjektsamarbeid. ºhsh.htm |
hærverk | Generelt er det lite hærverk ved Skulen vår. Når noko vert øydelagt legg me vekt på å få det fiksa raskt. Øydelagt utstyr må fjernast raskt! |
I | |
ikt-plan | Me må vurdera om me skal ha eigen IKT-plan i framtida, eller om denne planen må innarbeidast i faga ºikt.htm |
infoskriv | Skulen lagar infoskriv som ranselpost om lag kvar månad. Alle skriva er samla herºinfoskriv.htm |
inne i friminutt | Elevane skal vera ute i friminutta. Unntak er elevane som gjer jobbar for rektor og dei som får vera i gymsalen. Mellomsteget har lister over kven som kan vera i gymsalen. Denne lista heng også i gymsalen! |
innkjøp | Er det noko du meiner me burde kjøpe inn ved Sagvåg skule så gjeld det å få det inn på denne ’ynskjelista’: ºinnkjop.htm |
innskriving | Innskriving er ein del av samarbeidet barnehage/skule. Det første foreldremøtet med innskriving skjer i november året før.º innskriving.htm |
inspeksjon | Alle lærar og assistentar har tilsyn ute i friminutta etter oppsett plan. Me må vurdera om me må laga ein meir presis instruks for dette arbeidet. ’Vaktene’ nyttar refleksvestar og må ha felles reglar for kva som er greitt eller ikkje. Det bør lagast tydeleg instruks for dette! |
J | |
jul | I vekene før jul innfrir me mange forventningar om juleverkstad, adventsamling, julefrukost m.m. Sjå bilete og tekst på denne nettsida.ºjul.htm |
K | |
kaffi | Dei tilsette betaler sjølve kaffi og te. Rektor kjøper i blant esker med kaffi for å kompensere for servering til rådsorgana og studentane. |
kalender | På nettsida vår finn du kalender som viser kva som skjer dag for dag gjennom året ºkalender.htm |
kalkulator | Kvar elev i 5.-7.klasse får låne kalkulator av skulen |
kantine | Elevane på mellomsteget har elevkantine ein gong i veka. |
kjøkenet | Kjøkenet kan brukast av alle. Det er lurt å føre seg opp i rombruksplanen slik at det er ledig når ein kjem. Kjøkenet vert også leigd ut til bursdagsfeiring og andre arrangement. |
kompetanseplan | Det er utarbeidd kompetanseplan for lærarar og assistentane ved skulen ºkompetanse.htm |
kontaktlærar | Kvar elev har ein kontaktlærar. Oversikta over kva lærar som er kontaktlærar for den enkelte eleven står i infohefte og på nettsida vår. Kontaktlærar må melde frå kven som har kontaktlæraransvar for nye elevar. ºkontaktlaerer.htm |
kopimaskin | Det er to kopimaskinar på huset. Ein i administrasjonen (’Cla_Sagvsk_adm2’) og ein mellom arbeidsromma for lærarane. ’Cla_Sagvsk_adm1’) |
kriseplan | Kriseplanen er del tre i planen ’Trivsel & tryggleik’. Det er viktig at alle tilsette har gjort seg kjent med denne planen!ºtt_del3.htm |
Krl (no: RLE) | Fagside for RLE-faget ºfagside_krl.htm |
kroppsspråk | Verbalt og nonverbalt språk i kommunikasjonen må vera eit fokus og diskusjonstema i samband med trivsel og åtferd. Dette gjeld born og vaksne. |
kroppsøving | Fagsida for Kroppsøvingsfaget ºfagside_kroppsoving.htm |
kulturell skulesekk | Den nasjonale satsinga ’Den kulturelle skulesekken’ viser godt gjennom skuleåret ved at elevane fleire gonger i løpet av året får oppleva profesjonelle kunstnarar i skulekvardanen.ºden_kulturelle_skulesekken.htm |
kunnskapsløftet | ’Kunnskapsløftet’ er gjeldande læreplan for den norske grunnskulen.ºkunnskapsloftet.htm |
kunst & handverk | Fagside for Kunst og handverkfaget ºfagside_kh |
kvalitetsutvikling | Planen for kvalitetsutvikling er diverre ikkje oppdatert, men de finn han her. ºkvalitetsutvikling_web.htm |
kyrkje | Sagvåg skule samarbeidar fagleg om kristendomsdelen av RLE-faget. Me har rutinar for fritak i samband med skulegudsteneste. (Gudsteneste 2. og 6.klasse og påskevandring 1.klasse) |
L | |
lego league | Dei siste åra har Sagvåg skule vore med i First Lego League (FLL). Målet er at me også skal få til kursing for elevane i 4.-7.klasse gjennom heile skuleåret.ºlego.htm |
leiker med på skule | Elevane må gjere avtale med læraren om dei skal få ta med private leiker på skulen. |
leirskule | Elevane i 7.klasse har dei siste åra reist til Gullingen i Suldal på leirskule ºleirskule.htm |
leksehjelp | Det er innført leksehjelp i samband med nasjonalt prosjekt på 1.-4.klasse hausten 2010. For elevane i 5.-7.klasse har teamet opna for at elevane får sitje igjen etter skuletid og gjere lekser. Enkelte elevar får også leksehjelp med ekstern finansiering. ºleksehjelp.htm |
lekser mellomsteget | På mellomsteget er det ei eiga ordning med ’ansvarselev’. |
lesedag | Alle elevane ved Sagvåg skule skal gjennom året vera med i lesestimulerande prosjekt. ºlesedag.htm |
Leseveker-gi rom for lesing | Både storskulen og småskulen har årlege leseaksjonar. º gi_rom_for_lesing.htm |
linjal | Skulen har klassesett |
lus | Når det vert oppdaga hovudlus så vert det sendt ut standardskriv til heimen om dette. Nokre år har me også delt ut luskam til alle heimane. (Sjå ’Hovudlus’) |
lærebøker | Fokus på val av læremiddel og lærebøker er eit viktig arbeid. Ein må sjå dette i lys av tilpassa opplæring. Me har mange bøker, men ikkje klassesett i alle faga. º lareboker_sagvaag.htm |
M | |
mappevurdering | Sagvåg skule har system for ’mappevurdering’ som verkty i vurderingsarbeidet. ºmappevurdering.htm |
mat kor? | Kor et me maten? Til vanleg et elevane nista på arbeidsplassen. Enkeltklassar kan ete ved småborda i amfiet etter rullering. |
mat og helse | Her er fagsida for Mat – og helse eiga nettside: ºfagside_hk.htm |
mat | Generelt gjeld at elevane skal få sunn mat på skulen. Dette er ei oppmoding til sunn nistepakke og mat som vert laga på skulen i kantinedrift og Mat og helse |
matematikk | Fagsida for matematikkfaget ºfagside_matte.htm |
matematikkdag | Sagvåg skule har matematikkdag på våren kvart år. ºmatematikkens_dag.htm |
matpakken | (Sjå mat) º matpakke.htm |
rombruksplan | Rombruksplan er kaldender på nettsida vår |
medisin | Det finnest eigne rundskriv for medisinering av elevar. Me bør lage ei eiga nettside med samla informasjon om dette. |
melodi grand prix | Sagvåg skule arrangerer MGP i januar/februar ºmgp.htm |
mjølk | Elevane kan abonnere på skulemjølk. Det er sekretær som sender ut rekning og registrerer betaling. Leiar SFO har ansvaret for det daglege arbeidet med skulemjølkordninga. |
mobilbruk | Elevane får lov til å ha mobiltelefon med på skulen, men desse skal vera avskrudd i undervisningstida. Kontakt med heimen skal avtalast med læraren. Vedtaket i elevrådet gjeld for alle elevane ved skulen. Ein skal ikkje ta bilete, lydopptak eller filme med mobilen i skuletida. |
mobiltelefon | (Sjå mobilbruk) |
morsmålsopplæring | ºnorskopplæring.htm |
mostraspelet | Dersom foreldra ynskjer det så kan elevane i 6.klasse få reise på Mostraspelet. º mostraspelet.htm |
museet | Sagvåg skule har eit eige skulemuseum på nett. Her fortel me historia om Sagvåg skule frå 1800-talet fram til i dag. ºmuseet.htm |
musikk | Dette er fagsida til Musikkfaget. ºfagside_musikk.htm |
N | |
nasjonale prøvar | Det vert gjennomført nasjonale prøvar i 5.klasse kvart år. ºnasjonale_provar.htm |
natur & miljøplan | Dette er fagsida til Naturfaget ºnatmil.htm |
nettvett | Tema om databruk er heilt av avgjerande for å oppnå sunne haldningar til nettbruk og sosiale media. |
niste | Om eleven gløymer mat har me knekkebrød og syltety. (Sjå ’skulemat’ og ’mat’) |
norsk | Norskfag-sida ºfagside_norsk.htm |
norskopplæring | Fakta om morsmålsopplæring og norskopplæring er samla på ei nettside ºnorskopplæring.htm |
nøkkel & nøkkelkort | Alle tilsette som ynskjer det får nøkkel og nøkkelkort. Strengt tatt er det berre dei som kjem først og går sist som treng nøkkelkort. |
O | |
Olweus | Antimobbeprogrammet som mange av skulane i Stord nyttar Sjå nettsida ’Mobbing i skolen.’ |
omgangssjuke | Elevar som har omgangssjuke bør vera heime frå skulen 24 timar etter at dei er blitt friske. |
open skule | Ein dag i november har me open skule med aksjonsdag til inntekt for Redd Barna ºopenskule.htm |
orden | Flid og orden er tema for drøfting. I kva grad me skal ha skriftlege reglar for dette bør diskuterast på teamnivå. |
ordensreglar | Me kallar ’Ordensreglane’ for ’Trivselsreglar’. Du finn reglane på denne nettsida: ºtrivselsreglar.htm |
ordrenekt | Kva gjer med når elevane ikkje lyer uansett kva me seier? Då har me eit åtferdsproblem som ein må ta opp med elev, kollegiet, leiar og foreldre. |
P | |
pandemi | I samband med Svineinfluensa hausten 2009 vart me pålagt å lage Pandemiplan. Denne gjeld også for andre smittsame sjukdommar. Sjå:ºpandemi.htm |
parkering | Tilsette bør parkere på parkeringsplassen ved innkjørselen til skulen. Det er ikkje fleire parkeringsplassar enn det må, flott om det ikkje vert for store luker mellom bilane. Når me har vitjing eller studentar må også parkeringsplassen ved gymsalen nyttast. |
pedagogisk årsmelding | Det vert laga ein pedagogisk årsmelding mot slutten av kvart skuleår ºpedagogisk_aarsmelding.htm |
permisjon | Søknadar og spørsmål om permisjon for tilsette skal rettast til administrasjonen på skulen v/ ass.rektor. Permisjonssøknadane vert til slutt avgjort av rektor. Kontaktlærar kan gje elevar fri 1 dag, rektor for inntil 14 dagar. |
piano | Pianoet står på musikkrommet og skal vera låst |
pinnar | Me har eit stort og flott uteområde. Me må nekte elevane å lage seg ’våpen’ i form av stein, pinnar eller andre slagvåpen. |
planleggingsdag | Kurs og planleggingsdagane er lagt inn i skuleruta. For læraren utgjer dette den ’39.veka’. Her finn du program for førre planleggingsdag. ºplandag.htm |
plaster | Når elevane skadar seg kan ein nytta plaster som ein finn bla på personalrommet. Det er også samla utstyr på pauserommet med bandasje, plaster, hanskar og saks. NB! Bruk alltid hanskar når ein kjem i kontakt med blod! |
prosjektoversikt | Me er med i fleire prosjekt. Du finn både noverande, og tidlegare, prosjekt på denne nettsida. ºprosjektoversikt.htm |
påske | paaske.htm |
Q | |
Queensway | Queensway er maskotten til rektor 😉 |
R | |
religion | (Sjå ’Kyrkja’ og ’RLE’) |
respekt | Dette antimobbeprogrammet bør me vurdera å nytta Sjå nettsida ’Mobbing i skolen.’ |
rikskonsert | På denne nettsida finn du tekst og bilete frå rikskonsertane . Alle klassane får oppleve fleire slike i løpet av skuleåret. º rikskonsert.htm |
risikoanalyse | Det er utarbeidd ein eigen Risikoanalyse for skulen. Denne fin du her ºros.htm |
rombruksplan | Når ein planlegg undervisning bør ein sjå etter at romma ein skal nytta er ledige. Alle lærarane kan reservere rom her: º rombruksplan.htm |
rusførebygging | I samarbeid med utekontakten vert det kvart år køyrd ANT-program som omfattar elevar og foreldre Sjå:ºrus.htm |
rydding | God orden inne i huset er heilt avgjerande når 160 elevar og over 20 vaksne lever under same tak gjennom arbeidsdagen. Kva som er godt nok må diskuterast Ute plukkar elevane søppel kvar veke etter oppsett liste. |
S | |
samfunnsfag | Fagsida til Samfunnsfaget finn du her ºfagside_samf.htm |
sfo | Skulefritidsordninga er open frå 06.45 før skuletid og til 16.15 etter skuletid. Liljan Vestbøstad Waage er leiar Sjå nettsida: ºsfo.htm |
SFO-bursdag | Elevane i 1.-4.klasse kan få feire bursdag kl 14.00-16.00 Dei tilsette på SFO skal ha melding om kven som skal i bursdagen og det er laga eigne rutinar for overgang SFO-bursdag. Elevane skal m.a. gå ut frå SFO sli at dei ikkje må tilbake for å hente utsyr etter bursdagen. |
sjuk lærar | Lærar som vert sjuk skal melde frå til teamleiar straks han/ho veit at ein ikkje kan komma på arbeid. |
sjukdom | (Sjå sjuke tilsette – sjuke elevar – eigne barn sjuke) |
sjuke barn | Teamleiar skal så raskt som råd er ha melding når ein må vere heime med eigne barn. Lærar 1.-4.kl: Anne Brit Holm Mob 975 52 196 Lærar 5.-7.kl: Kjell Byrknes Mob 903 67 032 Assistentar: Liljan Vestbøstad Waage Mob 926 50 608 |
sjuke elevar | Foreldra skal melde frå til kontaktlærar på tekstmelding før skuledagen tek til. Læraren ringer heim innan ein halv time etter skulestart. |
sjøen | Tur til sjøen som inkluderer bading må ta omsyn til samtykke frå foreldra og at ansvarleg lærar har godkjent livbergingskurs. º sjoen.htm |
skademelding | Det skal alltid skrivast skademelding om elev eller tilsett må til lege eller tannlege som fylgje av skade. Ein kan også skrive skademelding sjølv om dette ikkje har vore til lege/tannlege. |
skating | Elevane i 5.-7.klasse kan nytta skaterampen i friminutta når vêrtilhøva tillet det. Alle må nytta hjelm og verneutstyr. |
skeisedag | Dei siste åra har mange klassar hatt kveldsamling med foreldregrupper på skeisebanen. Kalde vintrar nyttar me også Storavatnet i skuletida º isen.htm |
skidag | Etter 1.februar har me enkelte år skidag til ’Steinen’ og Lundastøl (Sjå ’foreldrebetaling’) ºskidag.htm |
skoleporten.no | Skoleporten er no ein del av nettsidene til Udir ºhttp://www.skoleporten.no |
skrivar | Sjå kopimaskin |
skuleavis | I samband med opplegget ’Vis med Avis’ vert det laga skuleavis av elevane i 6.klasse kvart år. Avisene finn du her:ºskuleavis.htm |
skulebiblioteket | Skulebiblioteket vårt ligg sentralt i skulen. To elevar er ’tilsett’ som bibliotekarar. Me har digitalt utlånssystem og søkjebase på nett for boksamlinga.ºskulebib.htm |
skulebibliotek-plan | Bibliotekplanen er ikkje oppdatert ºskulebibplan.htm |
skulebygget | Den nye Sagvåg skule stod klar i januar 2006 ºskulebygget.htm |
skuledagen | Organisering av skuledagen er eit viktig tema. Oversikt over tidsinndelinga finn de på denne nettsida: ºskuledagen.htm |
skulegarden | Sjå kart bak i dette heftet |
skulegudsteneste | (Sjå kyrkja) ºskulegudsteneste.htm |
skulehelsetenesta.htm | (Sjå helsesøster)ºskulehelsetenesta.htm |
skulemiljøutval | Skulemiljøutvalet (SMU) har møte før møte i Samarbeidsutvalet (SU)ºskulemiljoutval.htm |
skuleruta | Skuleruta for det neste skuleåret kjem på høyring i januar. Framlegg og eksisterande rute finn du her: ºskuleruta.htm |
skuleskyss | Reglar for skuleskyss o.a. finn du her: ºskuleskyss.htm |
skuleveg | Trygg skuleveg er viktig for elevane med tanke på trafikk og mobbing. Det er ikkje laga eigne skriv om dette temaet. |
skulk | Ugyldig fråvære skal straks fangast opp då foreldra skal sende tekstmelding same morgonen når elevar ikkje kjem til skulen |
sminke | Jentene på mellomsteget nyttar sminke. I den grad pyntinga går ut over undervisningstida så er dette noko ein må ta opp med dei det gjeld på klassenivå. |
smitte | (Sjå pandemi) |
snop | Elevane får til vanleg ikkje ha snop på skulen. Dei vaksne må vere gode førebilete. |
snus | ANT (Alkohol Narkotika Tobakk) er sentralt tema i 7.klasse. Me vaksne bør vera gode førebilete i skuledagen. Det er ulovleg å røykje eller nytte alkohol på skulen sitt område. |
snøball | Snøball får me kaste på tilvist blink. (Sjå trivselsreglane) |
sol | Prosjektet ’Systematisk Observasjon av Lesing’ set fokus på leseopplæringa.ºsol.htm |
sommarfest | Den årlege sommarfesten vert arrangert på ettermiddagstid i juni. Klassane har ansvar for underhaldning slik:……… ºsommarfest.htm |
Sommar-SFO | Dette har vore eit tilbod på Leirvik skule. Kanskje vert det på Tjødnalio skule i framtida. |
sosial samling | Storskulen og småskulen har sosiale samlingar fleire gonger i løpet av skuleåret. Det er einskilde klassen som har ansvaret for samlingane. Dei er ofte temabaserte. ºsosial_samling.htm |
springing i gangar | Ein kan springa 60-meteren inne på Sagvåg skule, men me ynskjer at elevane går når dei er inne. Me brukte ein god del tid på å etablere gode rutinar i samband med flytting mellom ulike undervisningsareal. Elevane skal ikkje springe inne i huset. |
språkbruk | Språkbruk heng nøye saman med åtferd. Trivselsreglane seier noko om dette. Banning og anna grov språkbruk vert alltid påtalt. |
Steg for steg | Vårt antimobbeprogram i perioden 1995-2013 Nytt: Det er mitt val frå haust 2013 Sjå: ’Mobbing i skolen.’ ºsteg_for_steg.htm |
steinkasting | Det ligg ein god del ’kastestein’ i skuleområdet. Ein må slå hardt ned på steinkasting slik at me unngår skade på menneske og materiell. |
Stemmebruk inne/ute | Dette heng nøye saman med generell åtferd. Inne i skulehuset skal ein ikkje rope og skrike. Me må arbeide for å bygge opp under godt læringsmiljø. |
stolane (bib) beina i stolane | Det er kjekt å lage ’badekar’ av dei to lenestolane i skulebiblioteket. Skal me opne for at det er greitt å sitje med beina i stolane utan sko? Kanskje burde me kjøpt 4-5 ’Fatboy’ til biblioteket? |
stormkjøken | Sagvåg skule har 3 storkjøken. (Kjell Byrknes har oversikt over utstyret) |
strategisk plan | I perioden fram til 2005 vart det laga Strategisk plan for skulen kvart år. Her finn du desse: ºstrategisk_plan.htm |
studentar | Sagvåg skule har dei siste åra vore praksiskule i samarbeid med HSH. |
ståstadanalyse | Ståstadanalysen er ein grundig gjennomgang av kor me står i dag. Kva som er ’i boks’ og kva me bør arbeide meir med. ºstaastadanalyse.htm |
svingstolar | Dei fire svingstolane utanfor pauserommet er ein fin møteplass og arbeidsplass. Stolane er ikkje karusellar når det sit elevar i stolen! Det er likevel heilt greitt om stolane står og snurrar etter at elevane har gått forbi J |
sykkel | Elevane får sykla til skulen frå 5.klasse. Det vert skriven personleg sykkelavtale mellom elev – foreldre og rektor Les meir:ºsykke.htm |
symjeplan | Ei enkel oversikt over når dei ulike klassane har symjetimar ºsymjeplan.htm |
symjing | Den kommunale planen med krav til symjeopplæringa i Stord ºsymjeplan. htm |
syttande mai | Det er foreldra i 6.-og 7.klasse som tek ansvar for 17.mai arrangementet. Me øver på å gå i tog ein gong rett før º17mai.htm |
T | |
tenesteomtale | Sagvåg skule har ein faldar som er tenesteomtale. Denne er diverre ikkje oppdatert ºtenesteomtale.htm |
terpsikore | Dette prosjektet sette fokus på musikk, dans drama og stod sentralt i Stordskulen på 90-talet ºterpsikore.htm |
til/frå bading | Elevane har ein trygg gangveg mellom Sagvåg skule og Nysæter ungdomsskule. Elevane i 2.klasse får fylgje av elevar i 7.klasse eller/ og ein vaksen. Dei andre klassane går sjølve. |
tilpassa opplæring | Denne nettsida set fokus på tilpassa opplæring. Det er eit overordna mål å dreie ressursbruken frå spesialundervisning til tilpassa opplæring. ºtilpassaoppl_sagv.htm |
tilsette elevar | Også ein del elevar har jobbar på skulen vår. Det er jobbar knytt til kantinedrift, vaktmeisterteneste, trivselsleiarar, skulebiblioteket, gartnarar og skulebiblioteket. Dei som er på jobb har ’jobbkort’. |
tilsette | Her er ei grei oversikt over alle tilsette ved Sagvåg skule Sjå: ºtilsette.htm |
tobakk | ANT (Alkohol Narkotika Tobakk) er sentralt tema i 7.klasse. Me vaksne bør vera gode førebilete i skuledagen. Det er ulovleg å røykje eller nytte alkohol på skulen sitt område. |
trafikk | Trafikksituasjonen ved innkjørselen til skulen vår fører til at mjuke og harde trafikkantar møtest. FAU jobbar med å få til ei betre løysing på dette. Mange elevar har også gratis skuleskyss grunna farleg skuleveg. Trafikk er tema i klassane, spesielt i 5.klasse når elevane får lov til å sykle til skulen |
trivsel & tryggleik | Dette er den mest sentrale planen vår. Planen er tredelt og omhandlar alle ºTT.htm |
trivselsleiarar | Elevar vert engasjert som trivselsleiarar etter modell frå Kjartan Eide *Kjetil & Kjartan’ Les meir: http://www.trivselsleder.no |
trivselsreglar | Dette er våre ordensreglar, de finn dei her ºtrivselsreglar.htm |
trygg skuleveg | (Sjå trafikk) ºtrafikk.htm |
trykkblyant | Elevane i 5.klasse får trykkblyant. Denne skal vare ut 7.klasse. Elevane får etterfyll ab bly, men må betale kr 40,- om dei mister blyanten |
tur | Sagvåg skule nyttar nærmiljøet aktivt. Me har for tida ikkje ein oppdatert ekskursjonsplan, men det vert arbeidd med dette. |
tyggis | Elevane får ha sukkerfri tyggis på skulen. Det er sjølvsagt ikkje i alle undervisningssamanhengar det passar som song, lesing m.m. Elevrådet hjelper til med å halde fokus på at me ikkje skal finne tyggis under møbler eller på skuleplassen. |
U | |
ungdomskule -barneskule | Her er planen for samarbeid om overgang barneskule- ungdomsskule ºbarneskule_us.htm |
unge og rus | (Sjå rus) ºunge_og_rus_i_stord_kommune.htm |
utdanningsmessa | Barneskulane er ikkje med på utdanningsmessa lengre ºutdanningsmessa.htm |
utearealet | Me har eit flott uteområde med mange ulike alternativ til aktivitet for borna. På denne nettsida finn du bilete og kart ºutearealet.htm |
uteområde | (Sjå: Utearealet) |
utleige | Sagvåg skule er utleigt til lag og organisasjonar gjennom heile veka. På nettsida vår er alle utleigeavtalane ført inn i ein Googlekalender ºutleige.htm |
Utleige- Alkohol | I enkelte kommunar er det slik at skulane har ambulerande skjeneløyve til lukka arrangement. Slik er det ikkje i Stord kommune. |
utstyr | Me har ikkje ei nettside med oversikt over undervisningsutstyr. Dette hadde me på gamleskulen, og vurdere å lage ei ny slik side. Spesielt til realfaga har me mykje utstyr. |
utstyr ute | (Sjå: Utearealet) |
utvida dagar | I SFO er det tilbod i om lag 20 dagar utanom dei 190 skuledagane. Dette er haustferie, romjul, vinterferie og andre fridagar. Dei siste åra har det vore få som har nytta dette tilbodet. Me har då samarbeidd med andre skular |
V | |
vakt | Det er alltid 3-4 vaksne ute. Alle vakter bruker gul refleksvest, også dei som har ansvar for enkeltelevar. |
vandrepokalen | Som del av opplegget med fysisk aktivitet hadde me ein vandrepokal som dei flinkaste klassene fekk. Dette opplegget ligg dødt for tida. ºvandrepokal.htm |
vedlikehald | På denne nettsida finn du full oversikt over alt vedlikehald ved Sagvåg skule ºvedlikehald.htm |
verstasjon | Verstasjonen er diverre øydelagt og demontert º verstasjon.htm |
vindauga | Det er viktig at ein ser etter at alle vindauga er lukka etter skuletid. Lærarane ser etter dette, også SFO-tilsette tek til vanleg ein runde før dei går heim Ytterdørene vert låste med sentrallås. |
visjon | Visjonen for skulen vår finn du her ºvisjon.htm |
viskelær | Elevane får viskelær når det gamle er oppbrukt |
vurdering | ºvurdering_web.htm |
WXYZ | |
yoghurt | º Elevane i 5-6-7 kan abonnere på yoghurt. Dei tilsette kan kjøpa yoghurt. Lærarane betaler på pauserommet. |
Æ Ø Å | |
øyretelefonar | Det heng klassesett av øyretelefonar på lagerrom på mellomsteget. |
årsrapport | I juni kvart år vert det laga pedagogisk årsmelding. Denne finn du her: ºpedagogisk_aarsmelding.htm |