Utviklingsdagar hausten 2025
Oppdatert 23.juni 2025
| Måndag 11.august: | ||
| 08.00-08.15 | «Mingling»…finn arbeidsplassen din 🙂 | |
| 08.15-09.00 | Plan for dei tre planleggingsdagane. Klassar og rombruk | |
| 09.00-12.00 | Timeplan 2025/26 Sjå lenkjer og anna i presentasjonen som vert lagt ut i Teams -> Arbeid team/ klassevis/individuelt | |
| 12.00-12.30 | Matpause (Ta med niste) | |
| 12.30- 14.30 | Arbeid på i teama: (Årsplanar, temaplan, timeplan….m.m.) | |
| 14.30-15.30 | Oppsummering av dagen | |
| Tysdag 12. august | ||
| 08.00-08.30 | Felles: Velkomst for lærarar og fagarbeidarar | |
| 08.30-10.30 | Alle tilsette: (Ikkje bekrefta) Opplæring og øving i vald Det er foreløpig planlagt teoretisk opplæring på Teams ved BHT. Deretter skal alle tilsette gjennomføre øving. Ift. Arbeidstilsynet er det «godt nok» å starte øving og beskrive plan for øving med resten av personalet til fristen. HMT-leiar er i dialog med interne ressursar og eksterne leverandørar av øving. Arbeidsmiljøutvalet skal den 5. juni drøfte korleis skulesektoren best kan organiserast ift. øving både for å lukke pålegg, men og for framtida. Tidspunkt: 12. august kl. 08.30-10.30 på Teams (anbefaler at kvar skule sit samla ift. diskusjonar) Deltakarar: Alle tilsette (skular som ikkje har hatt tilsyn er og invitert til økta på Teams) 25/5 2025 Henriette Kvarme HMT-leiar, Løn og personal | |
| 10.30-12.00 | Oppsummering og vegen vidare. | |
| 12.00-12.30 | Matpause. (Skulen spanderer) | |
| 12.30-15.30 | Team og individuelt. (Arbeid med felles planar) | |
| Onsdag 13.august | ||
| 08.00-10.00 | Felles innleiing: Oppsummering dag 1 og 2 – Detaljplan for første skuledag…-fredag og første veka. – Fellesarbeid og i team | |
| 10.00-11-00 | Alle tilsette: (Bekrefta) I samband med oppfølging av dialogen med vikarierande HMT-leiar omkring opplæring i avvik og handtering av avvik,føreslår eg onsdag 13. august kl. 09.00–11.00. Kom gjerne med alternative forslag dersom tidspunktet ikkje høver. Tema: Avvik og avvikshandtering (Gjeld Sagvåg, Tjødnalio og Hystad skule) Controller, HMT-leiar og eventuelt BHT gjennomfører ei opplæringsøkt i kva avvik er, og korleis ein skal melde og handtere desse. Tidspunkt: To timar på Teams i løpet av planleggingsdagane 11.–13. august. Det vert anbefalt at kvar skule sit samla for å legge til rette for gode diskusjonar. Eksakt tidspunkt er ikkje endeleg fastsett. Deltakarar: Alle tilsette ved Sagvåg, Tjødnalio og Hystad skule. 17/6 2025 Malin Hamnes HMT leiar, Løn og personal | |
| 11.00- 12.00 | Avvik og avvikshandtering ved Sagvåg skule | |
| 12.00-12.30 | Matpause (Ta med niste) | |
| 12.30- Ut dagen | Felles rydding og plassering av nytt utstyr. Individuelt arbeid… eller team. | |
