Ordensreglar

Her finn du felles ordensreglar for Stordskulen>>

SagvΓ₯g skule har ogsΓ₯ eigne trivselsreglar. Desse ser slik ut:

VΓ₯rΒ Β VisjonΒ Β erΒ  Me er trygge, me trivest, me lΓ¦rer

1.    Me er greie med kvarandre. 

2.    Me hjelper til med Γ₯ halda skulen rein og fin. 

3.Β Β Β Β Alle fΓ₯r vera med Γ₯ leika, og me seier fine ting til kvarandre.Β 
4.Β Β Β Β SagvΓ₯g skule er mobilfri sone. Elevane fΓ₯r ikkje nytta mobiltelefon i undervisningstida eller friminutta.

5.    Me tek vare pΓ₯ det som veks, og pΓ₯ utstyr bΓ₯de inne og ute. 

6.    Me fΓ₯r ikkje ta med snop pΓ₯ skulen, men me kan bruke sukkerfri tyggegummi. 

7.    Me held oss pΓ₯ skuleomrΓ₯det i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 

8.    SnΓΈball kastar me pΓ₯ blink der me har lov.

9.Β Β Β Β Er ein elev borte frΓ₯ skulen, mΓ₯ kontaktlΓ¦rar fΓ₯ ei melding pΓ₯ Visma fΓΈr kl.08:30. Skulen tek kontakt med heimen dersom ein elev ikkje kjem til skulen utan at me har fΓ₯tt melding om dette pΓ₯ fΓΈrehand. Treng eleven fri, spΓΈr fΓΈresette om dette i Visma pΓ₯ fΓΈrehand. Dersom elevenΒ Β har vore hindra frΓ₯ Γ₯ gjera *leksene til rett tid, eller eleven ikkje kan delta i kroppsΓΈving eller symjing, skal fΓΈresette ogsΓ₯ skriva ei melding. I desse tilfella kan det nyttast e-post eller tekstmelding. (*Gjeld i mindre grad no nΓ₯r me er ein «Leksebevisst skule».

10.Β Brot pΓ₯ ordensreglane og uhΓΈvisk framferd kan fΓΈra til bortvising frΓ₯ klassen, d.v.s. til rektor. I slike hΓΈver vert ogsΓ₯ foreldra kopla inn. Bortvising frΓ₯ skulen kan nyttast i sΓ¦rs alvorlege tilfelle.Β 
Dersom me bryt ordensreglane:Β 

  • vil dette verta pΓ₯peika av dei vaksne
  • du kan bli sendt til samtale med rektor
  • du kan fΓ₯ melding heim

PS!
Reglane om Γ₯tferd gjeld ogsΓ₯ for skulevegen.