Opning av newtonrommet
I dag har det vore offisiell opning av newtonrommet på Nysæter ungdomsskule. Framfor kommuneleiing, næringsliv og media fekk to av våre 6.klassingar vera med og demonstrera kva rommet kan brukast til. Dei gjorde ein flott jobb, og representerte Sagvåg skule på ein god måte. Elevar frå Nysæter viste og fram ein aktivitet som såg kjekk ut. Snorklipping og marsipankake var det og, som seg «hør og bør».











