Ny skulestruktur?
I dag sendte Stord kommune ut pressemelding der fleire ulike modellar for endring i skolestrukturen vart lagt fram. Desse framlegga vert ei av sakene me tek opp i FAU- møtet og SU-møtet som me skal ha tysdag 5. mars.
Her er oversikt over dei ulike modellane:
- Alternativ 1: Litlabø skule vert lagt ned og elevane som i dag går på Litlabø skule vert fordelte på Tjødnalio, Sagvåg og Leirvik skular.
- Alternativ 2: Litlabø skule vert lagt ned, og elevane får plass ved Tjødnalio og Sagvåg skular. I tillegg vart Rommetveit skule lagd ned, og elevane får plass ved Hystad skule.
- Alternativ 3: Litlabø skule vert lagt ned og elevane får elevplass ved Tjødnalio og Sagvåg skular. I tillegg vert Leirvik skule lagd ned og elevane får plass ved Langeland skule og/eller Hystad skule.
Det er òg eit fjerde alternativ om å gjennomføra fleire eller alle alternativa, men då som ein stegvis plan over fleire år. I tillegg kjem eit null-alternativ, som er å fortsetja med dagens skulestruktur.
Høyringsfristen for planen er fredag 29. april. Det vert informasjonsmøte på Nysæter ungdomsskule torsdag 4. april kl 18.30-20.00