NULL MOBBING
Kvar haust har sosiallærarane ein runde i alle klassane med kampanjen NULL MOBBING. Då vert visjonen vår «Me er trygge, me trivst, me lærer» løfta fram, og så snakkar me om korleis me vil ha det på skulen vår. Me tek opp ulike tema, og i år fordelte dei seg slik:
- og 2. klasse: Skulen vår.
- klasse: Å seie i frå.
- klasse: Respekt og inkludering.
- klasse: Utestenging og nettmobbing
- og 7. klasse: Gode skuledagar
Å ha venner og vera med venner er det som merkar seg ut for å ha ein god skuledag. Oppmodar alle om å bidra til inkludering og vera ein god ven!
Me ønskjer at Sagvåg skule skal vera ein god plass for alle elevane våre, at dei kjenner seg trygge, trivst og lærer.
Helsing Jenny og Hildegunn