Mystisk elev i 4. klasse
Har du høyrt om den mystiske eleven i 4.klasse?
Da er når læraren trekker ein elev, som ingen andre får sjå kven er, og den eleven skal utføra eit oppdrag. Det kan vera til dømes at den mystiske eleven skal leika fint i friminutta, samarbeida godt med dei andre i klassen, ikkje forstyrra andre, arbeida stille og roleg på pulten sin eller visa fair play i kroppsøvingstimen. Når timen er ferdig vert den mystiske eleven avslørt, og dersom oppdraget er godkjent, får dei poeng. Poenga vert samla på og spart opp til slik at me kan gjera noko kjekt i lag. 4. klasse har vore kjempeflinke til å vera mystisk elev, og ofte er det vanskeleg å gjette kven det kan vera, då samtlege har prøvd å gjera oppdraget. No har dei klart å spara til 30 poeng, og på fredag vil dei få sin belønning.
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland