Møte i nytt elevråd
Info frå administrasjonen:
- Me snakka om ansvaret og mulighetane som ligg i å vera med i elevrådet
- Me valde leiar og nestleiar.
Saker frå klassane:
1.kl – Ingen saker
2.kl – Ingen saker
3.kl – Ingen saker
4.kl – Ingen saker
5.kl
- Kan me få nye fotballar til ballbingen?
- Me har mange både nye og gamle fotballar, men alle må vera med og passa på at me tar godt vare på dei. Tradisjonelt er det slik at elevane pleier å lika best gamle og litt slitte ballar…
- Me ynskjer oss tjukt balltre med godt grep.
- Me har eit veldig tjukt balltre, men det er alt for tungt å halda på med.. Me kan teipa nytt grep på nokre av dei runde me har. Elles er det på same måte som med fotballane. Alle må vera med og passa på at dei kjem på plass etter bruk, slik at me har neste gong og.
- Det hadde vore kjekt med ei klatreløype oppe i skogen, litt sånn høgt og lågt-aktig.
- Dette er det strenge reglar for, så då måtte me hatt eit profesjonelt firma til å laga det for oss, og dessverre ville det blitt alt for dyrt.
- Me saknar Ziplinen.
- Det skjønar me, men som i saka over, burde dette vore gjort skikkelig for at det skulle vore lovl. I vår kom leikeplasstilsynet på inspeksjon, og dei forlanga at me måtte ta den vekk med ein gong.
- På brentball, må folk vera litt forsiktige så dei ikkje spring på andre på veg inn.
- Elevrådet er enige i det. Husk og reglane me har laga for brentball.
- Elevrådet vil og minna om at det bør vera dei vaksne som lagar lag!
6.kl
- Er det noko dei vaksne kan gjera for at det kan bli mindre bråk i gang/garderoben på veg inn?
- Det skal vera vaksne i garderoben når elevane går inn og ut. Vakter ute og må hugsa på det.
7.kl
- Rugby/Amerikansk fotball ute
- Me har ein slik ball som me brukar i bassenget. Me kan og kjøpa inn ein slik som me kan ha i gymsalen eller ute, for å øva på å kasta til kvarandre, men me kan ikkje spela rugby skikkelig her ute på asfalten.
- Få klatregrep på ein vegg på skulen
- Me har grep, men me har ikkje klart å finna den gode løysinga enno på korleis me kan få hengt dei opp på ein måte som blir godkjent, med rett underlag. Lars og Egil skal tenka på dette på nytt for å sjå om me kan finna ei løysing, men me kan ikkje lova noko.
Me vil og minna om at klassane kan gå til ungdomsskulen og bruka buldreveggen der, sjølvv om me skjønar at dette iikkje er heilt det same som å ha det tilgjengelig i friminutta.- Forslag: Kunne dei hengt på ein vegg i gymsalen, så kunne me lagt tjukkasen under?
- Det ville me nok ikkje fått lov til.
- Forslag: Kunne dei hengt på ein vegg i gymsalen, så kunne me lagt tjukkasen under?
- Me har grep, men me har ikkje klart å finna den gode løysinga enno på korleis me kan få hengt dei opp på ein måte som blir godkjent, med rett underlag. Lars og Egil skal tenka på dette på nytt for å sjå om me kan finna ei løysing, men me kan ikkje lova noko.
- Vanlege reiler.
- Det har me nok dessverre ikkje økonomi til no.
- Kan me laga eit mini-VM/fotballturnering med alle klassane?
- Flott forslag! Egil snakkar med teamleiarane om korleis me kan finna tid og organisera det. Har elevrådet forslag til korleis me kunne gjort det?
- Kunne me hatt ein dag på Solidbanen, med fleire banar på ein gong?
- Småskulen har ei turnering, og storskulen har ei, så kunne dei beste av dei små møtt dei beste av dei store til slutt. Dei frå småskulen kunne då vore litt fleire på laget.
- 1-2 –> 3-4 –> vinnarane mot kvarandre
- 5-6 –> vinnaren mot 7.
- Kunne me hatt 1. mot 2. , der vinnaren går vidare mot 3.klasse, og vinnaren der igjen går mot 4. klasse, og så vidare…?
- Kjekt om alle klassane kan «vera» eit land.
- Flott forslag! Egil snakkar med teamleiarane om korleis me kan finna tid og organisera det. Har elevrådet forslag til korleis me kunne gjort det?
Saker frå Administrasjonen
- Når de har klassemøte, og snakkar om saker til elevråd, kjem det ofte opp ynskje om ting de har lyst på. Og det kjem inn saker om utstyr ol. Som må fiksast. Slike saker treng ikkje venta på elevrådsmøte. Kom til administrasjonen med ein gong, så får de raskare svar, og ting blir raskare ordna.

