Møte i elevrådet
Me har hatt møte i elevrådet. Nokre småsaker frå klassane, og litt om Grand Prix. Her kan du lesa referatet:
Elevrådsmøte torsdag 12.februar 2026 kl. 11.10-12.00
Saker frå Administrasjonen
- MGP 26.mars. Korleis vil de gjera det?
- I fjor hadde me:
- Instrumental: 8 innslag (Kontaktlærar silar vekk dei som bør koma igjen eit anna år…)
- Song: 21 innslag:
- Open klasse: 5 innslag
- Dans: 7 innslag
- Forslag:
- Instrumental: Fritt fram (ville blitt 8 i fjor – Kontaktlærar silar vekk dei som bør koma igjen eit anna år…)
- Song: Maks 2 per klasse (første klasse stiller med eit innslag. Dei er mest publikum denne dagen) (ville blitt 13 i fjor)
- Open klasse: Maks 1 per klasse (Ville blitt 4 i fjor)
- Dans: Maks 1 per klasse (Ville blitt 7 i fjor)
- Delfinale med klassen, i amfiet, med jury som består av lærarar og elevrådsrepresentantar (Der elevårdsrepresentanten deltek vel læraren ein annan til jury)
Elevrådet er enige med dette, og me kjører delfinalar i klassane. Påmeldingsfrist onsdag 18. mars., og alle delfinalar må vera gjort seinast måndag 23. mars.
Elevar som då har eit sterkt ynskje om å opptre for heile skulen, kan få gjort det når klassen skal ha kulturinnslag, eller som hemmelig artist på vekesamling.
- Musikk i friminutta. Fungerer det?
- Det fungerer viss det ikkje blir spela «tullemusikk»
- Tullemusikk er: Musikk med banning og stygt språk, og veldig høg «dunkemusikk».
- Det fungerer viss det ikkje blir spela «tullemusikk»
Saker frå klassane:
2.kl
- Lego: det er fortsatt elever som tar legoklossar frå andre, kva gjer me med det?
- Elevrådet seier: Me kan skriva opp reglane og henga opp der med Legoen. (Lisa og Iris skriv ned reglane)
- Administrasjonen seier: Dette får me ikkje gjort så mykje med anna enn å berre be alle slutta å ta det dei ikkje skal ta. Når det er vaksne med, får dei passa ekstra godt på, og hjelpa elevane til å skjøna kva dei kan ta og ikkje.
- Me må vere snille med kvarandre i friminutta. Noko kaster pinner og seier stygge ting.
- Elevrådet seier: Det er ikkje greitt!
- Administrasjonen seier: Viktig og heilt sant.
- Toalettet er ekkelt, det er tiss og bæsj oppi doen.
- Elevrådet seier: ….
- Administrasjonen seier: Det er no bra at tiss og bæsj er oppi doen då, men det er viktig at alle trekker ned etter seg.
3.kl
- 3.klasse foreslår til karnevalet: Laga masker, Ansiktsmaling, Fargeleggja ark med tema karneval, Laga instrument, og stolleiken.
- Elevrådet seier: …
- Administrasjonen seier: Me skal ha det meste av dette på karnevalet. Det blir ikkje maskelaging i år, og kanskje ikkje stolleiken, men andre leikar.
7.kl
- Me ynskjer å sjå TV på torsdagen når det er fri fredagen
- Elevrådet seier: 5. og 6. klasse får uansett ikkje sjå fredagen heller, og i 7.klasserommet er ikkje nok stolar til alle. Me synest ikkje synd på dei…
- Administrasjonen seier: Det blir det nei til. Når de har fri fredagane kan de jo sjå endå meir på TV då.
- Me ynskjer oss rullegardin mellom rommet vårt og naboklassen. Dei forstyrrar oss veldig
- Elevrådet seier: ….
- Administrasjonen seier: Rullegardiner er for solskjerming, og det trengs ikkje mellom romma. De har vel heller ikkje så ofte behov for å ha blikket den vegen? Enten er det undervisning, med blikket andre vegen, eller så er det eige arbeid, og de kan velja å ikkje sjå inn til dei. Dei vaksne i der må passa på at ingen der bankar på ruta.
- Kan me ha «Temaveke»? Då kler me oss ut kvar dag (nytt tema kvar dag). Td: pysjamas, fargar, «After ski», ulike yrker, «Trafikklys» (rød, grønn, gul) osv.
- Elevrådet seier: Det høyrest gør, men litt rart ut, og det kan vera at folk ikkje har alle desse tinga, og då vert det kjøpepress. Det måtte vore frivillig.
- Administrasjonen seier: Me ynskjer ikkje å leggja press på at alle skal vera med på noko slikt. Me vil ikkje at folk skal måtta kjøpa seg ting for å vera med. Men me set pris på at de foreslår ting de tenkjer kan vera kjekt. Kanskje kan dette vera som ein frivillig sak internt i klassen, der de oppfordrar til det, utan noko press?


