Leirskulesag19

Leirskule dag 4

Dag 4 starta i øs pøs regnvér, og med at 100% av dei som la seg i Bålstova, også stod opp i Bålstova. Kan det vera rekord? Etter frukost og litt undervisning vart me delte opp i tre ulike turar: Èin topptur, EIn totoppstur, og ein litt lengre fisketur til eit fjellvatn. Alle turane enda med same bekkevandringa, og dei aller fleste kom søkkvåte men fornøyde tilbake. Etter ein god middag var det tid for leiking og avslapping på Leirskulen, kvelds, og litt disko for de som ville det. No er ein litt sliten gjeng egentlig ganske klar for å koma heim i morgon, med mange gode minner i sekken.
Bilder: Egil Petterteig/Ingeborg Toft Nerland