Leirskule dag 3😊
Nok ein kjekk og innholdsrik dag nærmar seg slutten på Gullingen. I dag vart det verskifte og 25 grader blei til 3 grader! Det var mykje vind både på skogsturen og på vatnet. Likevel vart det ein flott dag med kano, robåt, trekking av garn og ein fin skogstur med ulike aktivitetar. Me avslutta dagen med ei koseleg stund i bålstova 🔥
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Kari Myhre & Anne Brit Holm





















