Leirskulesag17

Gullingen – dag 3

Samme turar i dag som i går, men nye grupper på kvar tur. Me har hatt sol, regn, hagl, vind, men aller mest veldig greit turvær! Heldige trass værmeldinga. Det er berre fint å sitte i leiren og la presenninga ta i mot regnet, medan me griller osteskiver og pinnebrød. Me har fått smakt på sur maur og deilig aure i dag også.
Sagvåg skule har no teke vårrengjeringa på A-fløyen, på eit par av romma er alt av panel og lister vaska! Også i gongane er veggane no reine.
Kjøttkakene smaka nydeleg, og i kveld blir det sukker – og kanelskiver på bålet i grillhytta med klassen.

Tekst: Ingrid Kvernenes Misje Foto: Ingrid og Liljan Vestbøstad Waage