Kunst i 3. klasse
I dag har 3.klasse hatt kunst og handverk ute i det fine været.
Sola skein, fuglane kvitra og det var herlig vårstemning i lufta. Kreativiteten blomstra saman med Karseblom, Løvetann og Tusenfryd. Me laga flotte bygg i sandkassen og brukte ulike former. Nokon valgte å laga krittkunst der oppgåva var å bli ein del av kunstverket i bilete.
Mykje spennande og fint vart laga – ei veldig flott undervisningsøkt ute.
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas