Kong(l)e for ein dag đČ
I dag har heile smÄskulen jobba med Kong(l)e for ein dag pÄ tvers av trinna. Tema i Är har vore ; Korleis virkar eit tre ? Me sÄg ein film saman om dette i amfiet pÄ morgonen fÞr me samarbeidde i mindre grupper etterpÄ. Me konsentrerte oss om Ä laga eit hus og ein hage til mini Kong(l)en. Det vart veldig mange flotte hus og hagar til mini Kong(l)en.
Me har hatt ein veldig fin og kreativ dag i skogen, og me hadde til og med besĂžk av sola.















































