Kokkekamp🍰🍪🍔🍓🫔
Dei flinke elevane i 6.klasse har hatt kokkekamp.Dei har brukt fleire veker på å førebu seg. Dei har valgt ut oppskrifter, laga handlelister og planlagt gjennomføringa.
Det blei servert mykje god mat: Vårrullar, Quesedillas, Tacokjøttboller, Pasta Carbonara, Steikt ris og Tacopizza. Til dessert laga dei Oreokjeks, Sjokoladefondant, Brownies, Vafler, Sjokoladecookies og Jordbær m/sjokolade. Dommarane bestemte at gruppa som laga tacopizza og sjokoladecookies var best, og dei fekk kvar si kokebok i premie.
Tekst & foto: Kari Myhre og foto: Ingrid Kvernenes Misje