Skulen vår!

Kjekt å møtast igjen!

Det var ein lang juleferie i år. Det var difor ekstra kjekt å møtast igjen i dag. Her er nokre bilete frå tysdag morgon. Mange startar dagen i ballbingen. Klokka 9 var det tid for nyttårssamling. Det første vekeoppdraget er «Ein fin skulestart for alle». Me tok også med oss oppmodinga frå Kongen i nyttårstalen der han sa at me alle oftare bør stile spørsmålet: «Hva kan jeg gjøre for deg?»