sag22SfoSkulen vår!

Kjekke matfriminutt i skulen og SFO for 1.klasse.

Helsedirektoratet skriv noko om at «det bør legges fysisk til rette for måltid som fremmer matglede, sosialt samvær, trivsel og helse». I 1.klasse begynner me å bli gode på dette. For sjølv om me ser på tv medan me et ein dag i veka, då gjerne lesekorpset, har me mange andre kjekke ting me kosar oss med. Me les gjerne ei bok, snakkar om bokstaven T som nokon har fått på yoghurt lokket, eller berre sitt å pratar saman. I dag hadde me samtalekort, noko som er blitt veldig populært. På SFO hadde me «hangman».

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage