Skulen vår!

Karneval

I dag hadde me karneval for heile skulen. Dei som ville kledde seg ut, og heldigvis var det mange som ville 🙂 Me laga rytmeinstrument og masker, dansa, og dei som ville fekk ansiktsmaling av dei store elevane. Andre økta gjekk alle i tog ned til barnehagen, og på slutten av dagen kosa me oss i klassane, og dei som ikkje hadde ete fastelavensboller før, gjorde det. Det var god stemning i heile huset heile dagen, så dette kan fort bli ein tradisjon 😉