Julsag20Skulen vår!Uteskule

Høgtlesing i gruvetårnet

I 6. Klasse har me lese boka «ulv ulv». Det er ein skikkeleg skummel thriller. Som avslutning fekk me lov å lese siste del av boka i gruvetårnet på Litlabø. Det var tidleg morgon, mørkt og vinden ula rundt oss. Heilt perfekt stemning på ei bok som heldigvis endte godt, etter å ha vore både skummel og sjokkerande. Etterpå gjekk me til gapahuken i Hustrudalen og fekk fyr i bålpannene. Der kosa med oss veldig, sjølv om nokre svaner ble litt for interessert i oss.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *