sag19Skulen vår!

Gut med god kunnskap om biene 🐝

I dag har me hatt ein superfantastisk avslutning på dagen vår i 3.klasse.
Me har jo hatt tema « Det spirer og gror» og me har mellom anna lært om bier og rolla til ulike insekt i naturfag.
I dag fortalde Sverre oss om korleis han saman med bestemor og bestefar på Føyno lagar honning og korleis dei jobbar med bikubane dei har der. Han hadde med seg biedrakten sin som han har på seg medan han jobbar, bivoks og me fekk smaka på eigenprodusert honning .
Sverre svarte på gode og kloke spørsmål frå ein veldig interresert klasse. Me var kjempeimponerte over den fine presentasjonen han viste oss og kor mykje kunnskap Sverre har om bier.
Tusen takk Sverre for ei flott forelesning – me lærte masse av deg i dag !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas