Gullingen – dag 3
I natt var det 6 stk som sov ute i bålstova, litt kaldt, men veldig kjekt.
Siste turdag er over, litt meir tegn i dag, men mykje fint også. Kanskje var det nokon som innsåg at dei ikkje hadde pakka godt nok? Heldigvis har leirskulen noko klede til utlån.
I dag har elevane fått velge tur, noko har vore på to toppar, andre har vore på ein, og nokon har fiska i fjellvatn.
Alle turane enda ved same elv, og der fekk dei som ville bekkevandra og bli gjennomblaute.
Godt å komme tilbake i dusjen då!
No ventar deilig middag, kiosk og diskotek i kveld.
Tekst & foto: Ingrid K Misje, Liljan V Waage