Gullingen – dag 2
I dag har me hatt ein kjempefin turdag på Gullingen, halvparten har vore i skogen, resten ved og på vatnet. Ved vatnet har me padla, rodd, trekt garn, sløya og grilla aure. Det blåste litt på vatnet, men me blåste ikkje bort!
I skogen vart det meir trasketur, og me laga kolstiftar som me testa ut i andletet.
Det var deilig å komme tilbake til tacomiddag etter seks timar på tur.
Ellers har det gått sport i ryddig rom, og inspeksjon på ekte militærvis. Merkeleg nok er ingen lærarar involvert.
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje