sag17Skulen vår!

Grand Prix-vinnarar

Me i 6. klasse er så heldige at me har vinnarane av både instrumental- og sangkategorien i Sagvåg skule Grand Prix 2023 i klassen vår. Utanom heder og ære vinn dei ei lita pengegåve til klassen sin. Den nytta me godt på torsdag, då fekk Malene og Robin, som altså er vinnarane, laga pizza og kake til resten av klassen. I tillegg vart det ein liten klassekino med ein av favorittfilmane til Ingrid: Billy Elliot ☺️

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje