Fysisk aktiv læring!
Flott innsats av elevane i 2. klasse som hadde hentediktat i dag. Det er nemleg tungt å springa opp i amfiet for å sjå på eit ord og så ned for skriva det. Dei konkurrerte kun mot seg sjølv, likevel var konkurranseinstinktet stort 😄 Det var godt å koma på dei andre stasjonene etterpå, som var frileik i gymsalen og boklån i biblioteket.
Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro