ElevrådetSkulen vår!

Første elevrådsmøte

Alltid spennande med det første elevrådsmøtet med eit splitter nytt elevråd. Me snakka først litt om kva elevrådet er og kvifor me har det. Første klasse hadde med seg gode tips om korleis me kan ha det fint i lag i friminutta, femte klasse ville diskutera kinareile-reglar og dataskap. Me skanna og om korleis dei vaksne skal vera når dei er ute i friminutta. Kjekt at elevrådsrepresentantane kunne melda at me stort sett har det bra på Sagvåg skule.

Referatet kjem her:

Elevrådsmøte Fredag 22.september 2023 kl. 09.00-10.00

Info frå administrasjonen:

  • Me snakka om ansvaret om mulighetane som ligg i å vera med i elevrådet
  • Me utset val av leiar til 2.møte.

Saker frå klassane:

1.kl

  • Me har snakka om korleis kan me få det godt i friminutta:
    • Då må alle vera snille med kvarandre.
    • Me kan leika, td. Fisken i det røde hav, eller gøymsel
    • Alle seier ja når nokon vil leika med dei
    • Stoppregelen
      • Stort sett så har me det bra i friminutta i 1.klasse

    • Elevrådet seier: Det var gode tips 😊
    • Administrasjonen seier: Enig

2.kl

  • Ingen saker

3.kl

  • Ingen saker

4.kl

  • Ingen saker

5.kl

  • Kva er egentlig reglane på kinareila? Er det forskjell på tid i dei ulike friminutta?
    • Elevrådet seier: Me ynskjer at det skal vera max 4 elevar på, og max 2 minutt, viss det er kø.
    • Administrasjonen seier: Då vert det slik. Alle klassane må lesa det opp, slik at alle kan reglane.
  • Me treng skikkelige PC-skap til dei nye PC-ane våre
    • Elevrådet seier:  Det hender det blir ledningkaos slik det er no, og det er litt vanskelig å halda orden kven som eig kva ladar. Då hender det nokon tar ut ein ladar, og så blir ikkje den maskina lada. Viss me hadde hatt namn på ledningane, kunne det gått greitt slik det er no. Det er veldig greitt for dei som kan ha PC inne i klasserommet, men kanskje ikkje for dei som må gå ut for å henta.
    • Administrasjonen seier: PC-skap er dyre å kjøpa, så me må sjå på alle muligheter og tenkja oss nøye om.
  • Me ynskjer oss eit reilestativ, det er for lite med berre kinareila.
    • Elevrådet seier: Kanskje fleire reiler hadde laga mindre kø på kinareila. Det er ikkje viktig, men hadde vore kjekt å ha.
    • Administrasjonen seier: Me har eit flott utområde med mange kjekke leiker, og me har nett oppgradert pyramiden for mange, mange tusen. Me kjem nok ikkje til å kjøpa fleire reilestativ no.
  • Me ynskjer oss ein Minecraft-dag på mellomsteget
    • Elevrådet seier:  Det hadde vore kjekt om me hadde eit prosjekt med å bygga ein by ilag alle saman. Me måtte delt i grupper, for å ikkje vera for mange innpå. Hadde vore kjekt med ein liten konkurranse.
    • Administrasjonen seier: Me skal formidla ønsket til mellomstegteamet

6.kl

  • Vert det kanonball og/eller sjakkturnering i år?
    • Elevrådet seier:  Det har me lyst til, men me må ha litt øving på sjakk først, så alle kan det når me skal ha turnering.
    • Administrasjonen seier: Det skal me ta opp med teama. I fjor ville elevrådet at dette berre skulle vera for mellomsteget, men me hadde vel ei turnering for småskulen og ei for mellomsteget…?

7.kl

Saker frå Administrasjonen

  • Vaksne ute i friminutta. Har elevrådet innspel til instruksen? Kva er viktig for dei vaksne ute å hugsa?
    • Dei må sjekka litt i utkantane av området etter at dei har blese i fløyta. Av og til er det nokon som ikkje har fått det med seg.
    • Det er kjekt når de snakkar med oss, og ikkje berre med kvarandre.
    • Viss nokon går aleine, er det fint om dei vaksne spør om dei vil vera med på noko, for eksempel TL-leik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *