Første dag i første klasse
Det var mange spente 1. klassingar og foreldre som møtte opp på Sagvåg skule i dag tidleg. Kanskje landa nokre sommarfuglar utover dagen 🦋? Me har vore på samling med heile skulen, hatt natursti og friminutt med dei kjekke og omsorgsfulle fadrane og leika i klasserommet. Dei neste dagane og vekene skal me læra korleis det er å gå på skulen. Kva er SFO? Kvar kan me vera når det er friminutt? Kva tid et me nista? Kvar er toalettet? Kven likar å leike det same som meg? Kanskje lærer me nokre bokstavar og tal også?
Tekst & foto: Ingvild Fjell








































