Forfattarbesøk i 4. klasse📚
I dag fekk me besøk av forfattar Hans Sande. Han har skrive mange bøker, faktisk heile 63, både for barn og vaksne. Viss du lurar på kvar han hentar inspirasjon frå, så er det når han er i naturen. Då noterer han på Kvikklunsj-papir😄 Han viste oss bøker han har skrive og fortalde om då han var eit plommetre. Takk for kjekt besøk🤗
Tekst & foto: Hildegunn S Heimro