Folk i sentrum 6. klasse
Denne helga arrangeres det Folk i Sentrum på Leirvik. På fredag var det aktivitetar for 6. klassingane i kommunen, dei henta oss til og med i buss! Sola stråla, og elevane fekk testa CrossFit, parkour, petanque og sett på den mye sjølvbetjeningsBUA ved Gropo bak Kulturhuset. Verkeleg eit kjekt opplegg å få være med på! Skateparken fekk me dessverre ikkje prøvd, men den er open for alle, og med gratis utleige frå BUA rett ved er det verkeleg lagt til rette for at ungane skal kosa seg der.
Til slutt såg me Dancing Queen på kino. Heldige oss!
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje