Flott tur på isen❄️
I dag har 4. klasse vore på ein veldig flott tur til ei lita tjønn på Vikanes der me sto på skeiser.
I eit gnistrande kaldt og fint vintervær gjekk me glade og fornødde avgårde.
Me koste oss skikkelig på tur med god niste, bål, pinnebrød og leik på isen.
Glade barn og gode venner som leiker saman og deler av gode saker dei har med seg i matboksen.Me hadde og besøk av kjekke foreldre som hadde med varm kakao og krem til alle – heldige oss !
Nok ein flott og kjekk tur for minneboka til 4.klasse.
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas