FAUSkulen vår!

FAU 2025/26

SU & SMU>>


Referat frå åte i FAU Sagvåg skule 2.juni 2026kl 18.00-19.00

Desse var til stades:

Elin Melkevik Dahle

Hanne M. Haugland

Katinca Valvatne

Maren Stensletten

Kristine S. Barane

Reidun Leknesund

Charlotte Finstad Asserson

Sak 1:

FAU diskuterte om dagens skulekretsar bør vurderast på nytt i lys av utviklinga i elevtalet. Det finst område som naturleg er knytte til Sagvåg, og der avstanden til Sagvåg skule er kortare enn til Tjødnalio. Nysæterhaugen  og tidlegare Litlabø skulekrets vart trekt fram som døme. FAU stilte spørsmål ved om dagens grenser gir den mest naturlege og framtidsretta fordelinga av elevane, særleg i lys av at det vert færre elevar Sagvåg skule. Ei justering av skulekretsane kan både styrkje nærskuleprinsippet og bidra til eit meir stabilt elevgrunnlag ved begge skulane i bygda.

Det vart vidare stilt spørsmål ved om skulegrensene, som vart fastsette under andre føresetnader enn i dag, framleis er dei mest tenlege for lokalsamfunnet.

Sak 2:

FAU lurer på om det går negativ omtale av Sagvåg skule i lokalmiljøet. Me snakka om utfordringar i klassemiljø i enkelte klassar, der nokre elevar har valt å byte skule. FAU var oppteken av korleis skulen ser på denne utviklinga.

Me har forståing for at skulane opplever ein auke i åtferdsutfordringar, og veit at skulen arbeider aktivt for å setje inn gode tiltak. Samtidig ønskjer me å vere ein samarbeidspartnar og er nysgjerrige på om det finst tiltak føresette og skule kan arbeide med saman.

I denne samanhengen tok me også opp noko rektor snakka om på foreldremøtet i haust, om korleis me som føresette kan bidra til å gjere barna meir robuste, og refleksjonen rundt at dagens barn i nokre tilfelle kan bli for skjerma eller «pakka inn i bomull». Dette er eit tema FAU meiner det kan vere nyttig å halde fram med å snakke om i fellesskap.

I denne samanheng løfta me også fram den viktige og gode jobben som skulen gjer for å betre skulemiljøet. Me ynskjer svært gjerne å spele på lag med skulen i desse sakene.

Sak 3:

FAU diskuterte bruk av mobiltelefon og sosiale medium blant elevane. Det vart stilt spørsmål ved om det finst ei felles forståing og semje blant føresette om kva rammer som bør gjelde.

FAU meiner dette kan vere eit tema som bør løftast i dei ulike foreldregruppene slik at føresette kan diskutere og eventuelt bli einige om nokre felles retningslinjer. Eit eksempel som vart nemnt, var å oppmode til at barna ikkje får tilgang til sosiale medium før dei oppfyller aldersgrensene som gjeld for dei ulike tenestene. Målet er å skape eit felles grunnlag og redusere press.

Sak 4:

FAU diskuterte om det kan vere nyttig å tydeleggjere roller og oppgåver for både FAU-representantar og vararepresentantar. Det vart foreslått å utarbeide ei oversikt over kva som er forventa av dei ulike rollene. Per i dag er det fire representantar per klasse, der berre den eine har det eigentlege FAU-vervet. Dei andre er vara.

Eit forslag var å innføre ei ordning med både FAU-kontakt og sosial kontakt i kvar klasse. Den sosiale kontakten kan ha ansvar for å bidra til sosiale tiltak og fellesskap i klassen, medan FAU-kontakten representerer klassen i FAU. Begge verva er bindande og krev oppmøte på FAU-møter.

Sak 5:

I samband med planlegging av 17. mai- arrangement som no er mykje større enn tidlegare år, vart det peika på at fleire i FAU bør ha tydelege roller og ansvarsområde. Målet er å fordele arbeidet på fleire personar, slik at ansvaret ikkje fell på berre éin eller nokre få. Dette er eit tema Sagvåg Forum har teke vidare.

Møtereferat FAU tysdag 30.september kl 18.00-19.00

Sak 1. 
Litt om skuleåret 2025-26 v/rektor

  • Eit skuleår med fokus på åtferd og læring
  • Kort om rekneskap 2025 og budsjett 2026
    – Det vart m.a. vist til budsjettkonferansen som var i dag. Det går det fram at skulane skal redusere drifta med 20 millionar m.a. som fylgja av synkande elevtal
  • Om elevtal og utvikling ved skulen vår
    – Våre tal er diverre som i resten av Stordskulen. Det er færre elevar det neste skuleåret
  • Info om Vipps & Fau frå ass. rektor Egil Petterteig
  • Skulehuset vårt er 20 år i januar 2026
    – Det vert ei markering i januar 2026
  • Fau-saker frå i fjor
    – Gjerde i skogen: FAU var nøgd med at det var sett opp gjerde i den våtaste delen av myra i skogen ved skulen
    – Parkeringsåplass bak ballbingen: Saka om parkeringsplass ynskjer FAU ikkje å gå vidare med.

Sak 2 
Konstituering og val

Leiar: Elin Melkevik Dahle (år 2)
Nestleiar: Hanne M. Haugland
Skrivar: Elin Melkevik Dahle
Kasserar: Katinca Valvatne
Leiar 17.mai-komiteen (6.kl): Anita Litlehamar
Kommunalt foreldreutval (KFU) med vara:  Katinca Valvatne (Line Bjordal Lyrèn)
SMU-representant 1 med vara: Line Bjordal Lyrèn (Hanne M. Haugland)
SMU-representant 2 med vara: Maren Stensletten (Claudius Krebs)

 Sak 3 
Spørsmål kring elevane sin skrivedugleik; burde elevane trene meir eksplisitt på skriving dei første skuleåra (ikkje pc)? Moglegheit for å undersøke kva føresette meiner om dette?
Svar frå rektor: Eg ber om eit liten rapport frå 1. og 2. klasse om dette temaet med fokus på vår praksis.

Svar frå 1. klasse:

1. klasse  har arbeidsbok, SALTO der me formar bokstavane som me arbeider med kvar veke. Me lærer to nye bokstavar i veka. Desse øver me på å forme på små tavler før me øver i Salto arbeidsboka vår. Vidare skriv elevane desse to bokstavane i flaskepostboka si, som kjem heim i slutten av veka.slik at føresette kan sjå. Elles nyttar me skolestudio og salaby for å lære oss lydering av desse bokstavane. Førebels er fokus på å forme bokstavane fint for hand. Me kjem til å gå over til friskriving og då kjem me til å nytta både handskrift og digitale verktøy.


Svar frå 2. klasse
Andre klasse har arbeidsark kopiert frå arbeidsboka Salto 2a. Me brukar også hausten til å repetere bokstavar med fokus på dei små bokstavane. Samtidig har me no fokus på å skrive setningar og korte tekstar for dei som er klar for det. Me har enno elevar som berre skriv korte lydrette ord. Elles nyttar me Skolestudio, Salaby, På sporet og Ordrike. 

Sak 4
Leksebevisst skule; positive og negative ringverknadar. Kva seier forsking? 

Svar frå rektor:
Det er ikkje så mykje forskning på vår modell. Det er derimot forska ein del på effekten av tradisjonelle lekser. Denne forskninga viser ofte at tradisjonelle lekser har liten effekt, men ein finn heilt sikkert også forskningsresultat som viser det motsette…

Her er ein rapport: – Er lekser nyttig og nødvendig?
Her kan de lesa meir om leksebevisst skule: Fire kjennetegn på en leksebevisst skole –

Me kan gjennomføra ei undersøking om vår modell. Denne har me no hatt sidan skuleåret 2020/21. Me hjennomførte ei evaluering hausten 2022. Denne viste at 96% av elevane var nøgde med ordninga og 94% av foreldra var positive til at ordninga skulle halde fram.

Sak 5
Angåande saka frå i fjor om uteområdet: Me har ingen innspel. Fornøgde med tiltaket som er gjort.

Skrivar: Elin Melkevik Dahle

SFO  
1. Line Bjordal Lyrén (FAU, SMU og SU) – Mob: 97173320
2. Vara Lene Skutle Leth, vara for nr, 1 – Mob: 40078261
2025/26
1sag25
1.Kristine B.Barane (FAU, SMU og SU) – Mob: 97975776
2.Wenche Midttun(Vara nr 1) – Mob: 40092711
3.Arna V.S Murray (Vara nr 2) – Mob: 95795779
4. Marte Antonsen (Vara nr 3) – Mob: 95872235
2025/27
2.kl sag24
1. Maren Stensletten  (FAU, SMU og SU) – Mob: 46621160
2. Anne Ottesen (Vara nr 1) -Mob: 45425961
3. Inger-Helen Lillebø (Vara nr 2) -Mob:97001955
4. Kristine Wiersen (Vara nr 3) -Mob:40470615
2024/26
3.kl sag23
1. Reidun Leknesund  (FAU, SMU og SU) – Mob: 92605508
2. Line Bjordal Lyrén (Vara nr 1) -Mob. 97173320
3. Tabita Scholz Risnes (Vara nr 2) -Mob:90038431
4. Kristina Melin (Vara nr 3) -Mob. 4678656
2025/27
4.kl sag22
1. Elin Melkevik Dahle (FAU, SMU og SU) Mob:92084683
2. Ingjerd Lorentsen (Vara nr 1) -Mob:45059313
3. Ailin Nymark (Vara nr 2) -Mob:45288778
4. Anna Nikolaisen Moss (Vara nr 3) – Mob:98653468
2024/26
5.kl sag21
1.Hanne M Haugland (FAU, SMU og SU) Mob: 92085140
2. Marianne Lupus, vara for nr 1 Mob:95940218
3. Jakob Jæger, vara for nr 1 Mob. 97556214
4. Ingebjørg Risnes Krebs, vara for nr 3 Mob. 97616922
2025/27
6.kl sag20 (vart gjort omval haust 2025)
1. Anita Litlehamar, (FAU, SMU og SU) – Mob: 41228324
2. Charlotte Finstad Asserson, vara for nr 1 – Mob: 45414366
3. Kjell André Nøtland, vara for nr 2 – Mob: 40486654
4. Inger-Helen Lillebø , vara for nr 3 – Mob: 97001955
2024/26
7.kl sag19
1.Katinca Beate Haavardstun Valvatne  (FAU, SMU og SU) Mob: 46185595
2.Hanne Almås vara for nr, 1 -Mob: 97583325
3. Jan Roar Hovland, vara for nr. 2 -Mob: 98255195
4. Ørjan Kloven Turøy , vara for nr. 3 -Mob:
40083650
2025/26

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *