FAU 2024/25
Møte i FAU. Tysdag 18. mars 2025
Møtet var tysdag 18.mars kl. 1730-1830. Dei som kom var Cathrine Folgerø, Maren Stensletten, Mari Nerhus, Reidun Leknesund og Elin Dahle.
Me i FAU har hatt eit møte der me diskuterte to saker; uteområdet bak skulen og parkeringsplassar.
Uteområdet bak skulen (på oppsida i skogen)
Me ønsker å høyre korleis skulen vurderer tilstanden på dette området, og om de deler nokre av dei same tankane som har kome opp blant føresette.
Slik det framstår no er området i relativt dårleg stand, med mykje gjørme og «dekkeplater» som ligg samla i groper. Det er mest med omsyn til dei yngste elevane at me ser eit behov for ei oppreinsking av området, som hadde gjort det meir brukarvenleg for barna.
Nokre foreldre har også uttrykt bekymring for at det samlar seg mykje vatn i området når det regnar, og at dette kan føre til ei viss djupn i myra/gjørma. Har kommunen vurdert området og eventuelle tiltak? Kunne det for eksempel vore ei løysing å tette nokre av dei fuktigaste partia med stein eller anna drenerande materiale?
Det eine kommeloket nedanfor området ser ut til å vera tett, noko som fører til at regnvatn renn nedover vegen, drar med seg stein og grus og bidreg til slitasje på vegen. Ei oppreinsking av dette kommeloket vil hindre at grusvegen blir øydelagt. Slik det er no renn det i tillegg mykje vatn nedover vegen mot skuleplassen og det kan bli veldig glatt på kalde dagar.
Me lurer også på korleis vaktholdet i dette området fungerer i dag. Med tanke på at dei yngste elevane ofte leiker der oppe og at det tidvis kan bli mykje vatn i området – tenker me at ei vakt i friminutta kanskje kan vera ei løysing for å sikre at ungane leiker trygt. Det kan godt hende dette allereie er på plass, men me ville likevel nemne det som eit innspel.
Parkeringsplassar
Me veit at dette sikkert har vore oppe til drøfting tidlegare, men me lurer på om det kunne vore mogleg å lage til nokre parkeringsplassar inntil ballbingen (mellom skogen og langsida av ballbingen).
Me håpar desse sakene kan vera noko skulen og eventuelt kommunen kan sjå nærare på. Me bidreg gjerne med innspel dersom det er ønskeleg.
Med venleg helsing,
Elin Melkevik Dahle
Leiar, FAU
Det var møte i FAU tysdag 29/10 kl 18.00-19.00 (SU kl 19.00-20.00)
Desse møtte:
1.kl Maren Stensletten, 2.kl Reidun Leknessund, 3.kl Elin Melkevik Dahle 4.kl Mari Nerhus, 5.kl Cathrine Folgerø 6.kl Tor Helge Valvatne 7.kl Claudius H. Krebs
Referat:
Litt om skuleåret 2024/25 v/rektor
Sak 1. Konstituering og val
Leiar: Elin Melkevik Dahle
Nestleiar: Claudius Krebs
Skrivar: Mari Nerhus
Kasserar: Cathrine Folgerø
Leiar 17.mai-komiteen (6.kl): Tor Helge Valvatne
Kommunalt foreldreutval (KFU) med vara: John Bathgate (Tabita S. Risnes)
SMU-representant 1 med vara: Reidun Leknesund (Cathrine Folgerø)
SMU-representant 2 med vara: Maren Stensletten (Claudius Krebs)
Sak 2. Informasjon om rekneskap Sagvåg skule 2024 og budsjett 2025
Sagvåg skule har pr 29.10.2024 eit overforbruk på litt over 2 mill kroner. I møtet vart det lagt fram forklaring på denne overskridinga og arbeidet som vert gjort for å komma i økonomisk balanse.
Sak 3. Skuleruta 2025/26 er på høyring
Fau hadde ingen kommentar til framlegget.
Sak 4. Fau & Vipps
Papirarbeidet vart gjennomført og styret for Vipps vart etablert.
Sak 5. 17.mai 2025
Angåande 17.mai:
Me skal Sagvåg Forum ang.arrangementet. Me er positive til felles arrangement på ungdomsskulen.
Tor Helge Valvatne vil leia arbeidet for Fau ved Sagvåg skule.
Sak 6. Ymse
Ingen andre saker
SFO | |
1. Line Bjordal Lyrèn (Er med i SMU og SU, ikkje FAU) 2. Vara Hanne Almås, vara for nr, 1 | 2022/23 på val |
1.kl sag24 | |
1. John Bathgate (FAU, SMU og SU) – Mob: 98483354 2. Maren Stensletten (Vara nr 1) Mob:46621160 3. Inger-Helen Lillebø (Vara nr 2) mob:97001955 4. Kristine Wiersen (Vara nr 3) Mob:40470615 | 2024/26 |
2.kl sag23 | |
1. Tabita Scholz Risnes (FAU, SMU og SU) Mob:90038431 2. Reidun Leknessund Vara nr 1 Mob:92605508 3. Marianne Leth Lups Vara nr 2 Mob: 95940218 4. Vara nr 3 | 2023/25 |
3.kl sag22 | |
1. Elin Melkevik Dahle (FAU, SMU og SU) Mob:92084683 2. Ingjerd Lorentsen Mob:45059313 3. Ailin Nymark Mob:45288778 4. Anna Nikolaisen Moss Mob:98653468 | 2024/26 |
4.kl sag21 | |
1.Mari Nerhus (FAU, SMU og SU) Mob:90270899 2. Ørjan Turøy, vara for nr 1 Mob:40083650 2. Marianne Lupus, vara for nr 2 Mob:95940218 3. Gjertrud Kibskard, vara for nr 3 Mob:45480022 | 2023/25 |
5.kl sag20 | |
1. Cathrine Folgerø (FAU, SMU og SU) Mob:90589060 2. Trine Røstbø , vara for nr 1 Mob:93685742 3. Hanne Risnes , vara for nr 2 Mob:48037859 4. Hanne Arnevik , vara for nr 3 Mob:92629679 | 2024/26 |
6.kl sag19 | |
1.Tor Helge Valvatne (FAU, SMU og SU) Mob:98242163 2.Ingunn T Johanesen, vara for nr, 1 Mob:46402407 3. Jan Roar Hovland, vara for nr. 2 Mob:98255195 4. Anette Salamonsen, vara for nr. 3 Mob:97174821 | 2023/25 |
7.kl sag18 | |
1. Claudius H. Krebs (FAU, SMU og SU) Mob:41249849 2. Gunn Iren Sælevik, vara for nr, 1 Mob:47308501 3. Susanne A. Nesse, vara for nr, 2 Mob:1116986 4. John R. Bathgate , vara for nr, 3 Mob:98483354 | 2023/25 |