Elevrådsmøte januar 2026
Elevrådet har hatt møte, og her kan du lesa kva dei har snakka om:
Det er kome nytt reglement for skulane i Stord. Me går gjennom dette.
Saker frå klassane:
1.kl
- Ingen saker. 1.klasse har det bra!
2.kl
- Storlego.Ikkje stele lego av andre. Ikkje ta andre sin Lego. Kva kan me gjera for at ikkje dette skjer?
- Elevrådet seier: Hvis det heng fast i eit brett, skal du ikkje ta det. Når du er ferdig med ein ting må du plukka alt av brettet og sortera det igjen.
- Administrasjonen seier: OK
- Me vil ha vennebenker igjen.
- Elevrådet seier: Tja…..
- Administrasjonen seier: Me har venner, og me har benkar, men vennebenk har ikkje fungert før, og me vil ikkje ha det no heller. Me må finna andre måtar, td. TL, og så må alle vera flinke til å sjå kvarandre, slik at ingen går mykje åleine.
- Me ynskjer oss ein litt større skøytebane viss det vert kuldegrader igjen
- Elevrådet seier: Sikkert kjekt det.
- Administrasjonen seier: Då er det mykje som må klaffa. Det er litt jobb med det, så det må vera meldt veldig kaldt veldig lenge, utan snøvær. Då kan det kanskje skje.
3.kl
- Ingen må mobba på skulen!
- Elevrådet seier: Heilt enig!
- Administrasjonen seier: Heilt enig, berre sjå skulereglane!
4.kl
- Ingen saker. 4.klasse har det bra!
5.kl
- Laga kjeks til inntekt for barn på sjukehus
- Elevrådet seier: Det går jo an å gjera på open dag.
- Administrasjonen seier: Dette passar fint på open dag, og så må de jo gjerne samlast på fritida for å samla inn pengar til gode formål.
- Busstur
- Elevrådet seier:
- Administrasjonen seier: Viser til førre elevrådsmøte.
- Nytt nett på måla i ballbingen
- Elevrådet seier: Går rett til administrasjonen
- Administrasjonen seier: Enig. Kom rett til oss med slikt, så skal me sjå på det. Netta er ikkje veldig gamle, så me får prøva å fiksa på dei. Det er viktig at ingen går gjennom nettet for å henta ballen. Gå rundt, så varer netta lengre.
- Minecraftdag på skulen
- Elevrådet seier: Det hadde vore kjekt.
- Administrasjonen seier: På grunn av nettverkskapasitet, og at me ikkje har så mange lånemus, ynskjer me at dette skjer klassevis.
6.kl
- Ingen saker. 6.klasse har det bra!
7.kl
- Me har lyst at det skal bli arrangert Maskorama på skulen J
- Elevrådet seier: Dei vaksne må vera i maskene, og helst synga!
- Administrasjonen seier: Me skal sjå på dette, og kanskje foreslå ei løysing på neste møte.
Andre saker:
- Me treng reglar for kanonball i friminutta
- Elevrådet seier: Lisa og Mathea får med seg Mats og lagar eit forslag.

