ElevrådetSkulen vår!

Elevrådsmøte

Saker frå Administrasjonen

  • Korleis vil elevrådet at dei 7 SkipBo-spela elevrådet har kjøpt skal fordelast?
  • Elevrådet: Ein bunke til kvar klasse! Egil merker dei og fordeler.

Saker frå klassane:

1.kl

  • Ingen saker. 1.klasse har det bra!

2.kl

  • Kan småskulen ha med vara på møtene?
    • Argument for: Representanten synest det er litt vanskelig å vera åleine når det nesten berre er folk som er større der.
    • Elevrådet var enige om at det var eit godt argument, og ynskjer at alle vara kan få vera med på alle møtene. Men for småskulen kan det vera frivillig.
  • Lego, ikkje stele lego frå andre (Nokon seier at huset er vekke, ho la ein lapp på huset, dette må det snakkast om i klassane.)
    • Elevrådet synest det må minnast om i klassane, spesielt 1.-4. klasse. Det er og laga ny lapp om reglane på Lego.
  • Kan me male benkene ute?
    • Saka vert teken til administrasjonen.
  • Storsjakk, er det lov at folk ser på? dei kommenterer spelet.
    • Elevrådet: Det må vera lov å sjå på, men ikkje kommentera.
  • Det er rot i sandkassen, mange graver ned ting i sanden. Må legge lekene inn i skuret når dei er ferdige i sandkassen. Rydde i skuret.
    • Elevrådet er enige. Me må rydda på plass når me har brukt, og me må dela på det me har.
  • Treng fleire trøbilar, kan nokon fiksa dei?
    • Saka vert teken til administrasjonen.

3.kl

  • 3. klasse har lyst til å ha kor i friminutta.
    • Svar frå Egil: Eg skal sjå på kva me kan få til. Kanskje det kan vera eit kor som dukkar opp innimellom, og øver inn noko til forskjellige anledningar.
  • Kan me få fleire bordtennisrekkertar?
    • Svar frå administrasjonen: Det er minst dobbelt så mange racketar som bordtennisbord på skulen. Altså er det nok racketar, men kanskje me må ha eit bedre system på kor dei er. Og så er det viktig at alle brukar dei rett rydder dei på plass etter bruk, så dei ikkje vert øydelagde eller forsvinn.
    • ELevrådet: Ingen skal ha racketar eller ballar i hylla si. Me må dela på det me har.
  • Har det blitt nye reglar på brentballbanen? Det er ein del som er ikkje forstår reglane.
    • Spørsmål frå adm.: Er det nokon i elevrådet som kan tenka seg å skriva ned reglane, og så gå ein runde i klassane og forklara?
      Mathea, Iris og Olav Andre set seg ned i lag og skriv ned reglane.

4.kl

  • Ingen saker. 4.klasse har det bra!

5.kl

  • Fleire reiler – ei kinareile til småskulen og ei til storskulen
    • Adm: Det er det ikkje pengar til no.
  • Fotballkort og pokemonkort
    • Elevrådet Stemte over eit forslag om å ha ein prøvedag. Det vart tre stemmer for og fire stemmer imot.
    • Adm: Det har me snakka om så mange gongar no. Det har blitt stjeling og krangling kvar gong, så det blir nok eit nei.
  • Nokon ynskjer å sitja i klasserommet når me har matpause
    • Argument for: Der sit me to og to, så ingen må sitja åleine. Men då MÅ alle sitja i klasserommet. Elevrådet ville ikkje at me skulle tvinga nokon til å sitja i klasserommet. Alla kan finna nokon å sitja med på Vikanes, og ingen har lov til å avvisa nokon, eller flytta seg vekk når nokon kjem.

6.kl

  • Ingen saker. 6.klasse har det bra!

7.kl

  • Når det kun er ein person som vil ha ballbingen, kan då fleire frå andre klassar få vera med?
    • Forslag: Viss det er mindre enn 4 på banen, OG alle dei vil ha nokon andre med, kan dei få med slik at det blir max ti på banen, men det er den vaksne ute som styrer kven som får vera med.
      Dette forslaget må dei vaksne snakka om på team før me kjører det gjennom.
      Me minner i same slengen om å visa hensyn i bingen, og ikkje skyta alt for hardt!
  • Kva er reglane for kinareila? Det er mange som treng ein repetisjon her. Kan me laga ein plakat med desse reglane? Kan den henge ute?
    • Same gjengen som lagar plakat om Brentball, laga ein for kinareila og.

Referatet er skrive av Egil Petterteig.