Elevrådsmøte
1.kl
- Ingen saker. 1.klasse har det bra!
2.kl
- 2.klasse sendte inn saker 6 minutt etter at møtet hadde starta. Dei sakene kjem på neste møte.
3.kl
- Kan de ta opp i dei andre klassane at elevane på Sagvåg skule må snakka finare til kvarandre?
Elevane opplever ein del stygt snakk som td. banning.- Elevrådet seier: Me synest ikkje det er greitt at folk snakkar stygt og bannar. Fint om lærarane kan gi tydelig beskjed i klasserommet om at dette ikkje er greitt.
- Forslag til aktivitetar før jul: Nokon ynskjer at ein startar opp kor før jul.
- Viss nokon vil, skal me prøva å starta eit lite førjulskor, som kan hjelpa til med synging på adventssamlingane.
4.kl
- Ingen saker
5.kl
- Ingen saker
6.kl
Forslag:
- Felles turdag for heile skulen.
- Egil seier: Det gjorde me av og til før. Då tok me buss til Fitjar og gjekk i fjellet der..
- Elevrådet seier: Det hadde nok vore kjekt. Er det noko me i elevrådet kunne gjort for å samla inn pengar til buss? Kan Egil sjekka før neste møte kor mykje det hadde kosta?
- Rektor seier: Me har friluftsdagar, er flinke til å gå på turar kvar for oss, og har eit flott område rundt oss, så me har kanskje ikkje så stort behov for den felles turen som me hadde på gamleskulen.
- Papirflykonkurransen?
- Sjå i saker frå administrasjonen…
- Temaveke (dagar med ulike tema felles for heile skulen)
- Dette sender me som ei oppfordring til Teamleiarane.
- Felles vindauge-utstillingar til dei ulike sesongane gjennom året.
- Elevrådet oppfordrar alle klassane til å laga fin vindauge-pynt til førjulstida. Blir det fint, kan me jo bli enige om neste «tema» etter jul
7.kl
- Me treng ei oppfrisking av reglane i ballbingen.
- Lisa og Mathea skriv eit forslag til det og.
- 7.klasse har og på førehand svara på nokre av sakene frå administrasjonen.
Saker frå Administrasjonen
- Oppfølging av sakene frå sist:
- Me har ikkje laga oppslag med «elev-vennlig» versjon av ordensreglane. Me ventar på at kommunen skal koma med nytt ordensreglement over nyttår.
- Papirflykonkurransen har av praktiske og vermessige årsaker ikkje vore enno, og no begynner bakken å bli litt vel gjørmete. Kanskje det bør bli til våren? Har elevrådet kreative idear til gjennomføring inne?
- Me kan kasta i amfiet.
- Alle får eit ark kvar, som dei brettar og pyntar. Kun eit ark, og eit førsøk.
- Kvalifisering i klassane, der dei to beste går til….
- Finale på ei fredagssamling
- Alle 14 kastar på likt, og me kårar ein vinnar
- Lærarane i klassane plukkar ut dei to finaste, og elevråder kårar det finaste av alle desse.
- Me foreslår kvalifisering veke 47, og finale 21.november. Finaste fly blir kåra dagen før, og presentert på fredagen.
- Leik i friminutta, korleis vil me ha det? Menneske – Kva tenkjer me no?
- 7.kl. eit par elevar ynskjer menneske tilbake. Me må bli enige om reglane på forhånd.
- Elevrådet foreslår at me kan opna for «Menneske» på mandagane, sidan det ikkje er TL då. Mathea og Lisa skriv ned reglane og alle klassane får arket. Då må alle visa at dette kan gå bra på mandagan før me kan opna opp for fleire dagar.
- 7.kl. eit par elevar ynskjer menneske tilbake. Me må bli enige om reglane på forhånd.
- Har de ynskje til TL?
- 7.kl. Musikken som TL har sett på i det siste er tullete. Me savnar kanonball inne. Ynskjer Gagaball.
- Ynskje for førjulstida?
- Mandel i grauten….
- 7.kl. Me er nøgde med slik det har vore.
- Det er visst resten og…..


